Herøysundet 1954. Hamneområdet slik det såg ut på mesteparten av 1950-talet. I 1958 bygde Andreas Berget veg frå Fjellheim Landhandel til tunet på Berget, og året etter vart det staselege huset i Skjøndal rive. Berget, eigedomen i øvre, venstre kant, vart eit eige matrikulert bruk i 1824 og fekk gnr. 137 bnr 1. Ole Olson Onarheim kjøpte Skjøndal som vart frådelt Berget i 1903. Det var han som bygde huset i Skjøndal, men etter få år selde han eigedomen til broren, Halvor eller Hallvard Onarheim.

I 1954 var det berre hengja på Klubben som stod att av dei gamle hengjene i hamneområdet. I tillegg var den nybygde hengja på Herøyo komen opp. Den viser ikkje på dette fotografiet.

I nedre, venstre kant ser vi sjøhuset på Herøyo. Det var Ole Askeland (d 1958) og kona, Sofie Meidell (d 1969), som budde på øya i 1954.

Bringedal AS

Bringedal AS er oppretta for å formidla nyare lokalhistorie. Formidlinga er basert på eiga forsking, og den kan like gjerne vera i bokform som i artikkelform, på nettet, eller for den saks skuld som ei munnleg formidling.

Det vil vera eit definisjonsspørsmål om det eg arbeider med, skal kallast lokal- eller regionalhistorie. Når eg arbeider med skipsfart, så er store delar av Vestlandet  eit aktuelt område, og då er det opplagt regionalhistorie. Men når heradsstyresakene i Kvinnherad er utgangspunktet for stoffet, er det rettare å kalla det lokalhistorie sjølv om det ofte vert sett i eit sunnhordlansk perspektiv.

Bokpresentasjon i Herøysund Grendahus søndag 2. desember 2018

 «Frå Bringedalsbygda til Herøysund. Bygdehistorie frå 1850-2018» er bok nr 3 i ein serie om lokalhistorie frå Kvinnherad kommune. I denne boka er lokalhistoria avgrensa til berre å omfatta bygda som dei fleste i dag kallar Herøysund. Som tittelen seier, er dette ei bygdehistorie. Det er ikkje ei slektshistorie, og heller ikkje ei gardshistorie der kvart individ på garden er teke med. Bygda har vore gjennom ein kraftig vekst i folketalet dei siste 60-åra, og svært mange av bygdefolket er utan lange røter i bygda. Med denne boka får ein sjansen til å læra bygdehistoria betre å kjenna. Det har alltid vore hevda at bygda var mellom bygdene i Kvinnherad som hadde størst utvandring. Den periodevis sterke utvandringa endra i svært stor grad eigarstrukturen i bygda med ei innflytting, særleg på slutten av 1800-talet, som best kan samanliknast med tida etter industriutbygginga på 1960-talet. Krigshendingane i aprildagane i 1940 er sjølvsagt omhandla i boka. Herøysund fekk krigen tettare innpå livet enn dei fleste andre bygder i kommunen. Skulen har vore sentral i bygda like frå det første faste skulehuset i 1860-åra. Kampen for å få ha skule i bygda har vore ført frå 1950-åra til i dag, og den er enno ikkje avslutta. Skuleutviklinga har fått eit eige kapittel i boka. Bygda har hatt eit blømande lagsliv som har vore viktige for utviklinga. Det har vore gjort eit omfattande arbeid for å skaffa fram mest mogeleg dokumentasjon om over 20 frivillige lag som eksistrer, eller har eksistert, i bygda. Desse lagshistoriene har fått eit eige kapittel. Det vart gjennomført stadnamninnsamlingar tre gonger på 1900-talet. Materialet er tilsynelatande dødt og vanskeleg tilgjengeleg. Dessutan har det vore store endringar etter den siste innsamlinga i 1970-åra. Det nye stadnamnregisteret er difor ein viktig del av boka. Mange timars intervju med ei rekkje l bygdefolk i 80- og 90-årsalderen har vore svært gode kjelder til perioden frå rundt 1930. Nokre av dei flytta frå bygda i ungdomsalderen, men felles for alle er imponerande hukommelse og forteljarglede. Difor går det ei spesiell takk for hjelp til Gerd Helvik, Jakob Helvik, Astrid Holmedal, Bjørg Torkelsen, Elen Huse Fausk, Asta Helvik, Bjarne Røssland, Gerd Stoknes og Sverre Martin Rødsten. Det er også all grunn til å peika på materiale etter Gunnar Skogtun som viktige kjelder for arbeidet. I tillegg til desse personane har svært mange bygdefolk og andre vore til hjelp under arbeidet. Eg finn det likevel rett å nemna spesielt Hermund Fenne og Lars Henrik Skogtun. I innsamlingsarbeidet har eg fotografert fleire tusen dokument som utgjer ein viktig database. Denne dokumentasjonen bør kunna vera utgangspunkt for eit seinare arbeid med å tilretteleggja eit lokalt bygdearkiv. #################################################################

 

 

Tor Bringedal

Lokalavisene er viktige kjelder. Her Grenda.

Einaste aksjonær og styreleiar i Bringedal AS. Fødd 1949 i Bringedal i Kvinnherad kommune. Lærarutdanna frå Stord lærarskule i 1972, diverse vidareutdanning seinare på 1970-talet, grunnfag, mellomfag og hovudfag i historie ved UiB i perioden 1990-1997. Fagforeiningsleiar i tidlegare lærarorganisasjon, og politisk erfaring frå Kvinnherad kommunestyre, kulturstyre og skulestyre.

 

 

Feil bilettekst

Eg er blitt gjort merksam på ein feil bilettekst i boka "Kvinnherad 1945-1965. Omvelting". Biletet det dreiar seg om er eit illustrasjonsbilete frå brua som vart bygd over elva i Rosendal etter flaumen i 1940. (side 318 i boka) Biletet er ikkje frå Noregsmarsjen i 1941. Eg bed om orsaking for at  personane på dette biletet er kopla til denne marsjen.

I Enver Hoxha sitt rike i 2018

Sjølv med løfta knyttneve såg Enver Hoxha ut som ein mild bestefar. Så feil kan ein ta ut frå eit foto.

I studietida mi på Rommetveit i åra rundt 1970 var dei mest radikale studentane svært opptekne av Kina og Albania. Det var i desse landa ein kunne finna den rette sosialismen, meinte dei. No var det rett nok svært vanskeleg å få tak i  litande informasjon om tilhøva i Albania, og begeistringa for den albanske politikken dabba nok av etterkvart. Heller ikkje i dag, snart 50 år seinare er Albania eit land som pregar norske media. Så då sjansen til å sjå litt av dette «nye» turistlandet baud seg, var det lett å hiva seg på. Og det vart verkeleg ei flott oppleving.

Under emneknaggen Artiklar kan du lesa meir om Albania. Og under Blogg kan du vera med på turen til Albania sommaren 2018.

 

Frå bokpresentasjonen av bok nr. 2 i Rosendal bokhandel 2015. Foto: Grenda

Rapport frå gjennomgangen av vallistene frå kommunevalet 2015

Les heile rapporten her.

Kommunevalet 2015

21. feb, 2016

Veljarane gjorde som dei alltid har gjort!

Etter å ha brukt nokre dagar på å studera valresultatet frå sist haust, er konklusjonen min klar: Valet i 2015 resulterte ikkje i dramatiske endringar i dei oppsette vallistene. Det er ikkje grunnlag for dei store overskriftene med uttrykk som at "Bygdedyret er tilbake", "mange Høgre-kandidatar vart raderte ut", eller "samstemt røysting i indre Kvinnherad"

  • "Kvinnherad 1837-1945. Lokalt sjølvstyre med formannskapslovene?"

    Boka som kom ut hausten 2013, tek for seg arbeidet i soknene, heradsstyret og formannskapet i den største kommunen i Sunnhordland frå formannskapslovene vart vedtekne til avslutninga av andre verdskrigen.

  • "Som sild i tønne. Vårsildeksport på norske fartøy i 1856"

    Denne boka er eit særtrykk av hovudfagsoppgåva mi frå UiB. Den utgjorde hovudartikkelen i Sjøfartsmuseet i Bergen si årbok i 1998. Oppgåva var ein del av det store vårsildprosjektet ved UiB der målet var å dokumentera korleis det eksportretta sildefiskeriet påverka økonomi og samfunn på Vestlandet siste halvdelen av 1800-talet.

Bokveke

19. des, 2015

Trivelege butikkdagar

Mot vekeslutt kan eg sjå tilbake på tre dagar med bokpresentasjonar i fire kvinnheradsbygder: Uskedal, Ølve, Hatlestrand og Rosendal. Sjølv om eg synest det er langt meir gjevande å snakka om boka mi med ei forsamling interesserte tilhøyrarar i eit møtelokale enn å stå på ein butikk, så vert det mange artige samtaler ut av butikkbesøka også. Og som bokseljar er det naudsynt å visa seg fram på fleire arenaer både for å selja der og då, og for å gjera fleire merksame på boka/bøkene mine. Når ein arbeider med ei bok, er det lett å verta blind og tru at "alle" veit at det er kome ut ei ny glimrande lokalhistorisk bok om Kvinnherad, men slik er det ikkje. Eg vert stadig overraska over folk som eg kjenner rimeleg bra, som slett ikkje har fått med seg at eg har gjeve ut ei ny bok. Men det vart trivelege butikkbesøk. Ikkje minst var det lærerikt å snakka med folk på "hi sio". Mange gav uttrykk for stor frustrasjon fordi dei meinte seg dårleg handsama av kommunen, og fleire sa rett ut at dei ikkje kjende seg som kvinnheringar. Men moro var det, og vi fekk selt fleire bøker både direkte og gjennom Rosendal bokhandel.

14. des, 2015

Boktreff Ølve, Hatlestrand og Uskedal

Den siste boka mi "Kvinnherad 1945- 1965. Omvelting" har berre vore for sal på bokhandelen i Rosendal og på Husnes i tillegg til at eg sel frå eige lager. Boka har ikkje vore lagt ut på butikkar eller bensinstasjonar rundt om i kommunen. Difor ønskjer eg å gje eit tilbod til bygder som har litt lengre veg til bokhandelen. Onsdag vert eg å treffa på Spar Uskedal frå kl 14.00. Torsdag er eg først på Joker, Ølve frå kl 10:00, og seinare på dagen på Spar Hatlestrand frå kl 15:00. Her vert det mogeleg å slå av ein prat om boka, og sjølvsagt kan både den siste og den første boka kjøpast. Om ein skulle ha lyst på begge bøkene, er det eit svært godt tilbod å henta.
Fredag har eg eit samarbeid med Rosendal bokhandel, der vi vert å treffa på daglegvarehandelen i Skålagato frå kl 15:00

11. des, 2015

Hyggjeleg bokkveld i Uskedal

Uskedalen - ei veldig samla bygd

Det vart ein hyggjeleg bokkveld i Gamleskulen i Uskedal torsdag kveld. Slett ikkje så verst frammøte, og svært interesserte tilhøyrarar. I presentasjonen valde eg å ta for meg kapitlet om skuleutviklinga og kapitlet og den politiske valhistoria i Kvinnherad. Dessutan måtte det grunnleggjande kapitlet om kraftforsyninga nemnast. Dermed gjekk det fort nær på ein og ein halv time.
Sidan vi var i Uskedal, måtte eg - i alle fall i nokon grad - ha eit spesielt auga på utviklinga i bygda, og eg prøvde å dra den lange linja om korleis eg meiner bygda har utvikla seg. Eg drog fram fleire døme på sterk splitting i bygda, og også døme på element som hadde samla bygda, og konkluderte med at bygda i dag framstår som svært samla. Ikkje minst har nettavisa vore viktig i den prosessen. Og det var her eg la inn eit lite råd om at ein ikkje måtte verta for oppteken av sin eigen navle.
Det er dristig, nokon vil seia frekt, å åtvara bygda mot å verta for "navlebeskuande", men det var godt meint. Og det vart lagt merke til, det ser vi av oppslaget i Uskedal si nettavis som eg har kopiert under:

"Uskedalen er sett utanfrå ei veldig samla bygd, nokon vil kanskje seia navlebeskuende.

Det var eindel av karakteristikken som lokalhistorikar Tor Bringedal kom med då han ikveld kåserte om den siste boka si i Gamleskulen. No har han teke for seg dei 20 åra frå 1965 til 1965 medan han med den fyrste boka si ga eit oversyn over tida frå 1837 til 1945, Den nye boka er mykje betre strukturert enn den fyrste, held Bringedal fram. Samla sett er bøkene eit stort løft som
som saknar sidestykkje i Kvinnherad.
I kåseriet kom Bringedal mellom anna inn på kraftutbyggjinga si omskiftelege historie og opplyste at den faktisk vart berga av tysk økonomi. Skuleutbyggjinga var ein annan hovudbolk i kåseriet og Bringedal kom mellom anna inn på kampen om kvar ungdomsskulen skulle liggja.
Valghistoria var ein tredje bolk og her kom historikaren inn på det som skjedde i1955 då ein usedeling som stemte i Kristiansand utløyste omvalg prega av dramatikk,
Bringedal minte ellers om at valdeltakinga har vore låg i alle år i kmmunen, Med omayn til aksjonar under val har det ikkje vore heftige oppgjer her sidan 1956

Tekst, foto og nett. Ola Matti Mathisen"

25. nov, 2015

Bokkveld i Gamleskulen i Uskedal 10.12.

Torsdag 10. desember kl. 19:00 inviterer eg til bokkveld i Uskedal der eg vil fortelja om boka, "Kvinnherad 1945-1965. Omvelting"
I boka er det sjølvsagt mykje stoff direkte knytta til Uskedal og uskedelingar, men som gode, historieinteresserte kvinnheringar, er folk i Uskedal sjølvsagt opptekne av alt som rørte seg i kommunen i denne tjueårige etterkrigsperioden. Fleire uskedelingar spelte sentrale roller både i striden om kraftforsyninga, ved fleire av kommunevala i denne perioden, i den kommunale handsaminga av industrietableringa på Husnes og ikkje minst i den langvarige saka om endringa av kommunegrensene. Utanom desse sakene hadde Uskedal "sine eigne interne kampsaker" som t.d. plasseringa av den nye skulen, etablering av eit bygdesentrum og ny riksveg gjennom bygda. Mange vil hugsa fleire av desse sakene, og dei som er for unge til det, bør sjølvsagt setja seg inn i historia for den perioden som la grunnlaget for det moderne Kvinnherad i dag. Bokkvelden er sjølvsagt opne for interesserte frå nabobygdene også.

22. nov, 2015

Triveleg bokslepp

Laurdag 22. november presenterte eg bok nr 2 i serien om den politiske utviklinga i Kvinnherad kommune. Det vart ei hyggjeleg stund - i alle fall for forfattaren- og det var lite uro i salen, noko som eg tolkar som stor interesse for det som vart presentert i løpet av den timen eg hadde lova å halda meg innanfor. Det er ikkje mogeleg å rekka over alle tema som denne boka tek opp på så kort tid. Difor vart presentasjonen i all hovudsak konsentrert om to av dei ni kapitla i boka: Kapittel 2 Striden om kraftforsyninga og Kapittel 3 Kraftbasert storindustri.
Denne gongen er ikkje tanken å dra på rundreise i bygdene i Kvinnherad for å presentera boka, men eg kjem meir enn gjerne på vitjing dersom eit lag eller ein organisasjon vil invitera meg.

5. nov, 2015

Boklansering i Kulturhuset Husnes laurdag 21. nov.

Laurdag 21. november kl. 12.00 vert det boklansering i Kulturhuset på Husnes. Det kan synast overdrive å leiga festsalen for å presentera boka, men på den måten får eg både tid og rom til å fortelja om boka mi. Her vert det sjølvsagt mogeleg å koma med innspel eller stilla spørsmål. Det vert høve til å kjøpa boka etter presentasjonen. Mi erfaring er at det har svært lite for seg å sitja på stand i eller utanfor ein butikk, men eg vil vurdera om det kan vera aktuelt å gjennomføra presentasjonar i andre bygder. Eg er open for invitasjonar frå lag og organisasjonar.

15. okt, 2015

Kvifor skal du lesa "Kvinnherad 1945-1965 Omvelting"?

Boka handler om ein svært viktig periode i Kvinnherad kommune. Grunnmuren for den "moderne" Kvinnherad kommune vart bygd i denne perioden. Dette er nyare historie som mange eldre har opplevd og enno hugsar. For yngre lesarar som er fødde etter 1965 er det sjølvsagt viktig å kjenna til den nære historia vår som framleis i stor grad er med på å prega samtida vår. For yngre kommunepolitikarar og tilsette i kommunal administrasjon er boka obligatorisk lesnad. Skuleelevar som skal ha kunnskap om nyare norsk historie, vil ha stor nytte av boka både som kjelde til lokalhistorie og norsk historie.
Kapitlet om kommunevala fortel om den store overgangen frå soknevise val til eit felles val for heile kommunen der dei tre minste soknene mista overrepresentasjonen i kommunestyret i høve til folketalet. Her kan du også lesa om omvalet som fekk dramatiske følgjer, om skuldingar om valfusk og om valkupp.
Kapitlet om kraftutbygginga handler ikkje om sjølve utbygginga, men om striden i kommunestyret om korleis kommunen skulle løysa spørsmålet om kraftforsyninga til innbyggjarane på beste måten. Dette var ein strid som prega politikken i heile perioden, og som nok er ein viktig bakgrunn for bygdestriden som vi ser enno.
Kvinnherad har alt si eiga bok om skulehistoria. Mitt kapittel om skulen handler om den viktigaste perioden i skulesoga - overgangen frå eit skuleår på 16-18 veker med 2-3 skuledagar pr. veke til over 30 veker med 6 skuledagar pr. veke for dei eldste elevane. Politikarane sitt forsøk på å innføra ungdomsskule frå 1960 vart stansa av eit ønske om å halda på eit svært desentraliser skulemønster. Her kan du også lesa om eit overraskande utspel frå Sunde-bygda som meir eller mindre "kuppa" realskulen frå Valen i 1963.
I kapitlet om etableringa av storindustrien på Husnes legg eg fram nye opplysningar både om kommunen si handsaming av industrietableringa og om kvifor investorane valde Husnes som plass for aluminiumsfabrikken. Dette kapitlet er det som i sterkast grad stiller spørsmålsteikn ved tidlegare framstilling av historia.
Å gje ut ei bok som dette er i utgangspunktet eit underskotforetak. Denne gongen har eg fått økonomisk støtte frå Sunnhordland Kraftlag AS, Hydro Husnes og Norsafe Årsnes AS/Bjørke Båtbyggeri

13. okt, 2015

Boka er levert til trykkeriet

Då er boka "Kvinnherad 1945 - 1965. Omveltning" levert til John Grieg AS i Bergen for trykking. Eg vil tru det er slik for dei fleste som skriv bøker, at ein sit med ei kjensle av at det er formuleringar som skulle vore endra, fakta som skulle vore kryssjekka, moment som skulle vore utbrodert meir eller element som skulle vore utelatne. Men eit slikt prosjekt må ha ein sluttdato, om ikkje vil ein aldri verta ferdig.
Eg er svært godt nøgd med at eg har hatt dei same samarbeidspartane i arbeidet med denne boka som ved boka som kom i 2013. Hermund Fenne har lært meg mykje norsk denne gongen også, så spørst det kor mykje av kunnskapen eg har fått med meg inn i boka. Geir Berntzen har ansvaret for omtrekking, eller bokbunaden som Hermund vil seia. Vi var samde om at det skulle vera råd å sjå at desse to bøkene om kvinnheradspolitikken høyrde saman, og det fastsette ein viss mal for korleis boka skulle presentera seg.Samarbeidet med personellet hos John Grieg AS er eg også svært godt nøgd med.
Boka som er på 432 sider, har 9 kapittel
1. Tilbake til folkestyret
2. Striden om kraftforsyninga
3. Kraftbasert storindustri
4. Skulen i endring
5. Kommuneval
6. Nye kommunegrenser
7. Sosiale ordningar
8. Infrastruktur
9. Folketal, administrasjon og økonomi

Det er sjølvsagt mykje godt stoff i alle kapitla i boka, men eg vil likevel peika på kapitlet om etableringa av SØRAL der eg legg fram nytt stoff. Kapitlet om kraftforsyninga er svært sentralt, og striden rundt dette spørsmålet prega kommunen i heile denne perioden.

28. sep, 2015

Siste finpuss

Fristen for å levera endeleg manus frå ombrekkar til trykkeri nærmar seg, ikkje med stormskritt, for eg kjenner på meg at vi har god kontroll, men meir som ein mild bris. Den siste finpussen må vera ferdig innan 11. oktober. Stoffet til "Kvinnherad 1945-1965. Omvelting" er for lengst skrive ferdig, no står det berre att litt kontrollarbeid. Har ei god kjensle for produktet som eg sjølv meiner på mange måtar er betre enn den førre boka. Eg har hatt eit glimrande samarbeid med Geir Berntzen som er ansvarleg for oppsettet av boka, sjølv om han truleg riv seg i håret av alle endringane mine. Det er vesentleg lettare å arbeida saman med ein som er i nærleiken som ein kan diskutera løysingar med, samanlikna med eit byrå t.d. i Bergen.

15. jun, 2015

Avtalar om ombrekking og trykking på plass

Då har eg gjort avtalar om produksjon av bok nr 2 om kommunepolitikken i Kvinnherad. Det vil seia at språkvask, ombrekking og trykking er sett bort til gode samarbeidspartnarar. Eg er svært nøgd med at dette arbeidet skal utførast av dei same som ved den første boka om Kvinnherad. Alle avtalar er tilpassa at eg skal ha dei ferdige bøkene i hende i veke 46, midt i november. Når dette er på plass. medfører det eit endå større press på forfattaren, men samstundes er eg trygg på at eg er i god rute.

22. apr. 2015

Bokmelding

I Heimen 1/2015, tidsskriftet for lokal og regional historie, har Nils Olav Østrem, professor ved Universitetet i Stavanger, ei bokmelding av "Kvinnherad 1837-1945". Her er eit samandrag av ei omfattande bokmelding:
Boka skil seg ut frå kulturhistoriebøkene innanfor bygdeboksjangerens totalhistoriske allmennsoger. Det er all grunn til å helsa velkomen ei bok som legg til grunn at lokal historie kan og gjerne bør studerast gjennom lokal politikk. Han oppnår i stor grad målet sitt med boka, nemleg å gje oversyn over lokalpolitikken i Kvinnherad frå 1837 og til 1945. ... den indre, lokale og nære historia som Tor Bringedal gir ei fyldig, kunnskapsrik og interessant skildring av. Makt, hegemoni og demokrati vil gjerne best kunna undersøkjast i korleis den politiske samhandlinga skjedde innanfor eit lokalt samfunn. Kvinnherad skulle eigna seg godt for eit slikt analysemål... Bringedal har gitt ein god analyse av kommunestyringa i Kvinnherad under krigen, balansert og kjeldebasert... (boka) viser tydeleg korleis førstelinjedemokratiet fungerte i Kvinnherad. Kvinnherad var dessutan eit særleg interessant lokalstyringsområde sidan det også omfatta Rosendal baroni med sine eigne forvaltningsområde frå gammalt....Bringedals forteljing om baroniets strid på vikande front for sin råderett... Innførte formannskapslovene lokal demokrati?, er spørsmålet Bringedal reiser i boka … han skil mellom kommunal sjølvstyring og lokal demokratisering. Konklusjonen til Bringedal er at det lokale sjølvstyret i Kvinnherad berre hadde ein kort periode med lokaldemokrati… 1919 til 1934…. Heilt til 1919 sette lovverket sperre for at mottakarar av sosialhjelp kunne røysta. Og like til 1913 hadde ikkje alle kvinner røysterett. I 1934 vart Kvinnherad sett under administrasjon av den norske staten- fem-seks år «før NS overtok»
(Østrem) saknar ei noko vidare drøfting og analysering av dei djerve påstandane om at ingen norske kommunar før 1919 var demokratiske og at mange kommunar snart mista lokaldemokratiet ved at dei blei sett under offentleg administrasjon... ei overforenkling å hevda at lokaldemokratiet knapt fanst ein stad som i Kvinnherad mellom 1837 og 1945. Boka til Bringedal gir høve til både å diskutera bakgrunnen for det kommunale styret på 1800-talet og framtida for lokalstyringa på 2000-talet.

17. nov, 2014

Kvinnherad 1945-1965

Arbeidet med bok nr to om lokalpolitikken i Kvinnherad er i god framdrift. Planen er at den skal lanserast før jul i 2015, med andre ord om eitt års tid. Tilgangen på kjeldemateriale er naturleg nok større for denne perioden enn det som var tilfelle for den første boka. I tillegg til kommunale dokument, dekka den nye lokalavisa, Grenda, dei kommunale sakene frå 1951. Dei kommunale saksområda er blitt fleire, mellom anna er det i denne perioden kommunen startar opp med reguleringssaker. I Kvinnherad var det i den samanheng snakk om "tettbygde strok" som Rosendal, Uskedal og Sunde. Kraftutbygginga, der SKL kontra privat gjenreising i Muradalen var tema, var ei stridssak gjennom mest heile denne perioden. Eit anna uromoment var reguleringa av kommunegrensene der forslaga til endringar var mange, og det lenge såg ut til at Kvinnherad skulle verta ein mindre kommune. Dette er elles perioden Kvinnherad misser posisjonen som den største og folkerikaste kommunen i Sunnhordland, og Stord vert det dominerande senteret i regionen. Det var først mot slutten av denne perioden vi fekk politiske partilister som viktigaste alternativet ved kommunevalet, langt seinare enn dei fleste andre kommunar. Dette er naturlegvis også perioden for etableringa av storindustri i kommunen.

17. nov, 2014

Sunnhordland Årbok

Skriftstyret lanserte den nye årboka på Stord sist veke (veke 46). I årboka har Sjur Tjelmeland skrive om Eidsvik Skipsbyggeri, og min artikkel om Gravdal Skipsbyggeri og Trelasthandel er også ein del av årboka som i hovudsak har "båt" som tema.

30. jun, 2014

Gravdal Skipsbyggeri og Tralastforretning

Artikkelen til Sunnhordland Årbok er ferdigskriven, men det vil sjølvsagt ikkje vera rett å publisera denne på nettsida no. Men saka om historia til skipsbyggeriet på Opsanger er ei historie som fortener meir plass enn nokre få sider i ei årbok. Sluttfasen for verftet som enda med konkursen i 1978, er det skrive svært lite om tidlegare, og det er ulike meiningar om kvifor det gjekk som det gjekk. Om tida strekk til, er tanken å gjera noko meir ut av dette enn ein kort artikkel i den komande årboka.

15. april 2014

Kvinnherad 1945-1965

Arbeidet med den neste perioden i historia om den politiske utviklinga i Kvinnherad, er starta opp. Det er naturlege yttergrenser tidsmessig for denne epoken. Reetableringa av heradsstyret etter nazistyret under krigen er eit opplagt startpunkt, og det er rimeleg å avslutta denne perioden med dei store grenseendringane for Kvinnherad frå 1965. Planen er at boka skal vera ute på marknaden i 2015.

23. april 2014

Gravdal Skipsbyggeri

Eg har for tida ein kortare artikkel om Gravdal Skipsbyggeri under arbeid. Skipsbyggeriet som opprinneleg vart etablert på Gravdal på Halsnøy, vart av Hans Gravdal flytta over fjorden til Opsanger på Sunde. Verftet var ein stor og viktig arbeidsplass før det gjekk konkurs i 1978. Det har vore skrive detaljert historie om den første 100-årsperioden for dette skipsverftet, så utfordringa vert å sjå om det kan leggjast til noko nytt.

Overskrift

Jeg er en paragraf. Klikk her for å legge til din egen tekst og endre på meg. Jeg er en god plass der du kan fortelle din historie og la dine besøkende vite litt mer om deg.