Albania historie

Historie

Folket i Albania stammar frå illyrarane. llyria er fjellanda aust for Adriaterhavet,  og her budde illyrarane  i oldtida.  Illyrarane kriga både innbyrdes og mot naboane, og dreiv som sjørøvarar langs kysten. Men l løpet av dei par siste hundreåra f. Kr. la romarane under seg mesteparten av dette området.

Då Romarriket vart delt i ein austleg og ein vestleg del i år 395 vart landområdet som omfattar Albania administrert av Austromarriket, men Albania var delt slik at dei som levde i dei nordlege områda sokna til romersk-katolsk tru, medan i midtre og sørlege delen av dagens Albania sokna til gresk-ortodoks tru.

Då Romarriket braut saman og dei store folkevandringane dominerte Europa, forsvann illyrarane etter kvart som eit eige folk, og folkegrupper som bulgararar, serbarar, kroatar og bosniarar dominerte området.

Men delvis på grunn av geografien utvikla albanarane sin eigen identitet og sitt eige språk. Albania vart eit isolert område der jordeigarfamiliar styrte over store private eigedomar. Det utvikla seg fleire mindre fyrstedøme i dei fruktbare elvedalane og ute ved kysten.

Det sørlige Albania vart utsett for ekspansjonen frå  Det osmanske riket frå slutten av 1300-talet. Den osmanske ekspansjonen på Balkan stoppa opp under albansk motstand leia av Georg Kastriota Skanderbeg som fekk samla nokre av fyrstedøme til kamp midt på 1400-talet.  Skanderbeg sine sentrale område  var Kruja og Berat.  Den albanske motstanden forsinka den osmanske invasjonen av Vest-Europa.

Men Albania vart likevel  ein del av Det osmanske riket frå 1385 til 1912. Skanderbeg er framleis nasjonalhelt i Albania. Ein stor open plass i sentrum av Tirana er oppkalla etter Skanderbeg, og her står også ein mektig statue av han sitjande høgt til hest.

Mot slutten av 1800-talet fremja albanarane krav  om auka sjølvstyre, men fekk ikkje gjennomslag før det osmanske gjekk på nederlaget i Balkankrigen i 1912. Då  proklamerte albanske leiarar Albania som ein uavhengig stat, og det vart etablerte ei mellombels regjering. Året etter vart Albania internasjonalt anerkjent. Med mindre justeringar vart grensene for Albania stadfesta i 1921.

I 1928 utropte president Ahmet Zogu seg sjølv til konge, og han styrte fram til den italienske okkupasjonen i 1939.  I 1943 overtok Nazi-Tyskland, men nazistane vart drivne ut av i 1944. Den kommunistiske nasjonale frigjeringsfronten leia av Enver Hoxha etablerte straks eit kommunistisk styre.

Enver Hoxha var fødd i Gjirokastra i 1908. Slektsnamnet Hoxha var eigentleg ein ærestittel, som betydde «læremeister».  Denne vart tildelt Enver Hoxha sine forfedre for innsatsen deira  med å spreia den islamske trua i landet.

Enver Hoxha studerte naturvitskap ved Université de Montpellier i Frankrike, og han  studerte ei tid filosofi ved Sorbonne. Studietida gjorde at han beherska både fransk, italiensk, serbisk, engelsk og russisk. Seinare vart han omtala som «den desidert mest språksterke statsleiaren i Aust-Europa». Då Italia invaderte Albania i 1939, og kongen av Albania vart tvinga til å gå av,  mista Hoxha ei lærarstilling han hadde. Han flytta til Tirana og opna tobakksforretning. Frå Tirana dreiv han ei kommunistisk undergrunnsrørsle. I 1941 etablerte han eit kommunistisk parti i Albania, som i 1948 endra namn til Arbeidets parti. Hoxha vart medlem av sentralkomiteen og redaktør for partiavisa «Folkets røst». 

Han var generalsekretær i Arbeidets parti 1943–1985 og dermed statsleiar i Albania.  Hoxha var leiar for dei albanske partisanane under den italienske og tyske okkupasjonen. Etter krigen etablerte han eit stalinistiskdiktatur som isolerte Albania frå omverda. Albania vart proklamert som den første ateistiske staten i verda i 1967, og eit forbod mot å utøva religion vart grunnlovsfesta i 1976. Under Hoxha sitt styre vart det ulovleg å reisa ut frå landet, og brot på forbodet kunne straffast med  døden.

Hoxha såg med sterk mistru på nabostatane på Balkan og han frykta heile tida invasjon frå Jugoslavia eller Sovjetunionen.  Etter at Italia inngjekk våpenkvile med dei allierte hausten 1943, vart Albania okkupert av Tyskland, som frykta at de allierte kunne bruke Albania som landingsstad for en invasjon på Balkan.

I november 1944 drog tyske styrkar seg ut av Albania, og frigjeringshæren tok makta i landet. I august 1945 vart Den nasjonale frigjeringshæren omdanna til Den demokratiske front, som vart einaste tillatne partiet. Den 11. januar 1946 vart monarkiet formelt avskaffa, og folkerepublikken Albania vart proklamert. Som førstesekretær i kommunistpartiet vart Hoxha statsleiar.

Albania har prøvt å knyta ulike alliansar til ulike tider. Først var det Jugoslavia, og då brotet kom i 1947, var det Sovjetunionen som vart den nære kontakten. Og då Albania braut med Sovjetunionen i 1961, vende Hoxha seg mot Kina.

Hoxha vart inspirert til å gjennomføra kulturrevolusjon også i Albania noko som resulterte i  strenge føringar for folk sin livsstil. Målet var det fullkomne mennesket, – fysisk og intellektuelt. Morgongymnastikk vart obligatorisk, skjegg og langt hår høyrde til det gamle patriarkiske samfunnet, og korte skjørt og bukser med sleng var oppfatta som  vestleg liberalisme.

Regimet til Hoxha tok livet av minst 5 577 mannlige og 450 kvinnelige politiske fangar. I årsrapporten for 1974 skreiv Amnesty International at det var grunn til å tru at Albania hadde det største talet politiske fangar i høve  til folketall i heile Europa. Mange ble forfølgde  av etniske eller religiøse årsaker. Regimet var ansvarleg for opptil 100 000 dødsfall.  Sentralt i den totalitære staten sitt maktapparat stod det hemmelege politiet og deira nettverk av angjevarar. Tortur og vilkårleg fengsling var svært utbredt.

I perioden 1967- 1990 var all religiøs praksis forbode, og dei fleste kyrkjer og moskear som ikkje hadde status som kulturelle monument, vart øydelagde eller gjort om til produksjonslokale. I dag er dei ei klar overvekt av muslimar i Albania.

Albania var lenge eit lukka land, både for innbyggjarane og for andre. I vår vesle krok av verda var det berre dei dei mest dogmetru ml-arane som såg med glans i augo på Albania, særleg på 1960- og 70-talet i den perioden då Albania vende seg mot Kina. Innreise til Albania var strengt regulert, men ein del norske kommunistar fikk besøkja landet i regi av Vennskapssambandet Norge–Albania.  Men AKP(m-l) tok avstand frå Hoxha sin  politikk i 1979, og  Finn Sjue i AKP(m-l) skreiv at Hoxha, og hans likesinna hadde «degenerert til borgerlige herskere».

Då Hoxha døydde i april 1985, vart det erklært sju dagar landesorg.  Valet av Alia som ny partisekretær skjedde så raskt at Hoxha truleg hadde utpeika ham til sin etterfølgjar.

Etter 1992 har Albania søkt mot  vesten. I 1992 tok Albanias demokratiske parti kontroll over landet gjennom demokratiske val. Partiet sette i verk økonomiske og demokratiske reformer, men med på kjøpet fekk dei mykje korrupsjon i mange ledd. I 1995 kom Albania med  i Europarådet, og søkte om medlemskap i NATO. Mange albanarar emigrerte  til vestlige land, spesielt Hellas og Italia. Heile perioden på 1990-talet var svært uroleg mellom anna med politiske drap.  Hausten 1998 vart det ved ei folkerøysting vedteke ei ny  grunnlov, som i   praksis skriven  av utsendingar frå  OSSE.

 

Trass i den vanskelege økonomiske situasjonen og den store arbeidsutvandringa har Albania sin økonomi likevel vakse med rundt 5 prosent i 2007. Den albanske valutaen (lek) har styrka seg frå 143 lek i høve  til amerikanske dollar i 2000 til 92 lek i 2007.  

Om lag kvar sjuande albanar lever i fattigdom.  Og sidan det er vanskeleg å skaffa seg arbeid i Albania, flyttar mange til Hellas og Italia for å få arbeid.  Det internasjonale pengefondet reknar pengar som vert sendt heim frå folk som arbeider i utlandet, til å utgjera 30–40 % BNP i Albania.

Trass i at Albania på papiret vert rekna som demokratisk, har politikarane hatt vanskar med å skapa ein demokratisk tradisjon i landet. Nesten alle val har vore kritisert for fusk. Korrupsjon og organisert kriminalitet er også ei utfordring i landet, trass i at regjeringa prøver å få bukt med problema. Det første valet med fleire parti var så seint som i 1991, og i 1992  vart den første ikkje-kommunistiske regjeringa sett inn. Men utover i 1990-åra var det store økonomiske problem, ikkje minst då eit omfattande pyramidespel braut saman.

Innanrikspolitisk er Albania prega av striden mellom dei to store partia, det sosialistiske partiet og det demokratiske.

Albania har vore medlem av NATO sidan 2009, og er i dag kandidatland i EU der det er venta forhandlingar om medlemskap i 2019.

Statsoverhovudet er presidenten som vert vald av parlamentet for fem år. I september 2013 overtok ei samlingsregjering leia av det sosialistiske partiet makta etter åtte år med ein koalisjon leia av det demokratiske partiet. I april 2017 valde parlamentet Ilir Meta frå partiet Sosialistbevegelsen for integrering  til ny president.

 

Jordbruket er ein viktig næringsveg og nær halvparten av yrkesbefolkninga i Albania er sysselsette i jordbruket. Dei mest fruktbare områda er kystslettene og det store Korçëbassenget. Mais og kveite er dei viktigaste kornslaga, dessutan vert det dyrka frukt, oliven, vindruer, grønsaker og industriplanter som tobakk, sukkerbetar, bomull og oljefrø. Sau og geit dominerer husdyrhaldet.

Under kommunistisk styre før 1991 var økonomien i Albania  styrt etter femårsplanar. Alle produksjonsmidla var eigde av staten. Industrien var statseigd og jordbruket var kollektivisert. Privat næringsliv var totalforbode. Grunnlova sette forbod mot utanlandske investeringar. Turisme var i praksis ikkje-eksisterande før 1992, mellom anna på grunn av svakt utbygd infrastruktur.

Etter bombeangrepa mot Kosovo i 1999, kom eit stort tal flyktningar til Albania. For å hjelpa på situasjonen vart bistanden til Albania frå det internasjonale samfunnet, intensivert. Dette var med på å betra økonomien i Albania.

Albania er rik på mineralressursar og det vert utvunne petroleum, brunkol, kopar, kromitt, krom, jernmalm, nikkelmalm, bauxitt, salt og gips. Landet har også naturgass. Den store kromproduskjonen frå 1980-talet er sterkt redusert, og gruveproduksjonen har gått kraftig tilbake på grunn av forelda teknologi.

Kraftforsyninga er i stor grad basert på vasskraft, der Albania har et stort potensial. Dei fleste kraftverka ligger langs elven Drin. Statkraft byggjer vasskraftverk i Søraust-Albania, og Statoil er medeigar i gassrøyrleidningsprosjektet "Trans-Adriatic Pipeline" som skal gå gjennom sør-Albania. Norske selskap er mellom dei største utanlandske investorane i Albania.

Industrien er i stor grad konsentrert om matvareproduksjon, tekstilindustri og maskinindustri. Dessutan har landet ein del kjemisk industri, som i hovudsak omfattar produksjon av kunstgjødsel og PVC.

Dei viktigaste handelspartnarane er Italia, Hellas, Tyrkia, Tyskland og Kina. Eksporten omfattar tekstilvarer og sko, metall, frukt og grønsaker.

Omlag 20 %  av dei yrkesaktive arbeider i utlandet, og pengesendingar frå desse er ei viktig inntektskjelde.

De nye hovudvegane gjennom landet er relativt gode, men resten av vegnettet er dårleg utbygd med låg vegstandard. Det vart tillate med privatbilisme frå 1991, men syklar og muldyr er framleis viktige framkomstmidlar.

I Albania varer barneskulen i 5 år, ungdomsskolen i 4 år og den vidaregåande skulen i 3 år. Barneskulen og ungdomsskulen er obligatorisk og gratis for born i alderen 6–14 år.  Albansk er undervisningsspråket, mens engelskfransk og russisk er de viktigaste framandspråka. 

Det er tilbod om høgare utdanning ved ei rekkje fagskuler og universitet.  Sidan 2002 har Albania hatt ein stor auke i talet på  i studentar og private universitet

Kjelder: Utanriksdepartementet, Store norske leksikon

John Farteinson frå Snikkarøyro

 

JOHN  VALENTINSEN

-frå husmannsson til skipsreiar

Tor Bringedal

I september 1900, døydde ein av dei mest markante personane i Haugesund i siste halvdelen av 1800-talet. I 50 år var John Valentin­sen med på å dominera handels- og skipsfartsnæringa i byen. Litt etter litt bygde han opp ei omfattande næringsverksemd der han særleg i startfasen samarbeidde med to av brørne sine. I 1865 var John Valentinsen den største seglskipsreiaren i Haugesund, og då han først var etablert i det øverste skiktet i den nye byen, finn vi han att i ei rekkje sentrale posisjonar. Han sat 20 år i bystyret, han var direktør i Haugesund Sparebank, han sat 16 år i styret for sjømannsskulen, han var overformyndar, aktiv haugianar, og han var medlem i ei rekkje kommunale utval.

Kven var denne mannen, og kva føresetnader hadde han som gjorde at han kunne slå seg fram til ein slik posisjon?

I 1962 skreiv signaturen KLAS ein artikkel i Haugesunds Dagblad om "John Valentinsen. Jakteskipperen frå Rosendal, som ble 1860- og 1870 årenes  store sildesalter og seilskutereder." Artikkelforfattaren teiknar eit bilete av ein svært aktiv mann både i nærings- og samf unnslivet elles og karakteriserer han som ein av grunnleggjarane av byen. Skarp, årvåken, initiativrik, forsiktig og bereknan­de er uttrykk KLAS nyttar om Valentinsen, og han vektlegg i tillegg eigenskapar som "flid, dyktighet, påpasselighet og grunndighet" som særmerke ved Valentinsen.

Reidar Østensjø reknar også John Valentinsen mellom dei som var med og skapte det lokale næringslivet i Haugesund. Østensjø viser til eigenskapar som "nøysomhet, forsiktighet og driftighet para med spillelyst, dristighet og økonomisk og sosial ærgjerrighet" som typiske karaktertrekk for dei som lukkast best i denne situasjonen.

Kåre Olsen, som har skrive om oppkomsten av borgarskapet i Haugesund i 1840 - 1900, hevdar at husmannssøner som flytta til byen  truleg  ville arbeida resten av livet som bryggesjauarar, tømmermenn eller liknande sjølv om dei var aldri så gløgge og kvasse. Dette var nok meir realistiske framtidsutsikter også for John Valentinsen og brørne hans, enn myten om husmannssonen som skulle ut og gjera lukka ved hjelp av vågemot, energi og dugleik. Men John Valentinsen dreiv det lengre enn dei fleste andre. John Valentinsen var ein av dei fremste entreprenørane i innflyttargenerasjonen i Haugesund. På  fleire måtar typisk i utgangspunktet: av bondeætt, innflyttar frå næraste distriktet med silda som drivkraft, saltar, jakteskipper, eksportør, i nært samarbeid med brør.

5. april 1845 vart John Farteinsen, 24 år frå Øhren i Kvinnherred Prestegjeld, registrert som innflytta til Skåre sogn, Torvastad Prestegjeld "for at søge Arbeid". Og arbeid fann han. Korleis bygde han seg opp til den sentrale posisjo­nen han etterkvart fekk? Er det mogeleg å finna suksessfaktorane? Vi kjenner fleire vesentleg, generelle trekk i dette biletet: Dei personlege eigenskapane som er nemnde, var ganske visst viktige. Organisatorisk var partreiarskap sentralt, og utviklingsvegen frå fiskar til saltar og eksportør var det fleire som gjekk. Høver Valentinsen si "oppskrift" for den vellukka entreprenørverksemda han dreiv også inn i dette mønsteret? Kan vi gjennom studiar av handlingar dokumentera nokre av dei karakteristika som Østensjø eller KLAS viser til?

Denne artikkelen er eit forsøk på å rekapitulera så detaljert som mogeleg det vi kan kalla for oppbyggingsperioden for John Valentinsen, frå han kom til Hauge­ sund i 1845 til han stod registrert som den største seglskipsreiaren i byen i 1865. Denne 20-årige grunnleggingsperioden er naturlegvis sentral, men eg vil også gå inn på utgangspunktet hans og den ballast han måtte ha med seg då han flytta til Haugesund i 1845. Dei neste 25 aktive åra i karrieren til John Valentinsen må vi koma attende til ved eit seinare høve.

 "Til behagelig Veiledning tillader jeg mig herved ærbødigst at fremsende en med mine Bøger alt overensstemmende Regning over mine Indtekter  for indeverende Aar, idet jeg haaber at den ærede Ligningskommisjon ved den forestaaende Skatteligning vil tage behørig Hensyn ."

Slik innleiar John Valentinsen følgjeskrivet til likningskommisjonen i Haugesund datert 13.11.1857. Han nytta seg altså av retten som dei skatteplikti­ge hadde til å senda inn "sjølvmelding" før kommisjonen fastsette skatten. Og John Valentinsen er svært detaljert i oppsettet sitt over handel med fersk og salt sild, utgifter han har hatt i samband med saltinga, og inntektene ved frakting og eksport av sild. Han har ført eit detaljert oppsett som viser kva han har hatt i forteneste på  saltsild som han og broren, Johannes, har eksportert til Preussen og Gøteborg dette året. Han gjev opplysningar om kva han har hatt i forteneste på fraktefarten med jakta "Brødrene" som han sjølv var skipper på, og han har også detaljar som viser kostnaden med å eksportera silda med jakta "Tvende Brødre" som han eigde saman med broren, Johannes. "Sjølvmeldinga " dokumenterer  også  eigartilhøva  for  fleire  av  fartøya  som John  og Johannes hadde partar i. Rekneskapsoversynet hans vert dermed ei god kjelde for å vurdera fortenesta både ved salteriverksemd, fraktefart og saltsildeksport. John Valentinsen eksporterte 1046 tønner sild i 1857, og han reknar seg fram til at han hadde ei nettoforteneste på sildeeksport, fraktefart og husleige på 1056 spd. Dersom vi godtek "sjølvmeldinga" hans, kan vi altså enkelt rekna at han hadde ei nettoforteneste på omlag 1 spd. pr. tønne eksportert sild. I arkivet i Haugesund er det også teke vare på ei sjølvmelding frå John Valentinsen frå 1865, og frå same året ei frå broren, Johannes Valentinsen.  Desse to siste er ikkje på langt nær så detaljerte som den frå 1857, men for John sin del viser den like­vel eit nytt utviklingstrinn i "karrierestigen" hans som eg skal koma nærare inn på i det følgjande. Vi får dessutan delvis fastslege eigartilhøva i nye fartøy som brørne har kjøpt inn etter 1857. Det er John Valentinsen som er den sentrale, men i denne artikkelen må vi også ta med brørne Henning og Johannes fordi dei samarbeidde tett i delar av den perioden vi skal studera. Dei tre husmanns-  søne­ne kom frå eit heller magert utgangspunkt og bygde seg opp gjennom fiske, fraktfart, sildehandel og sildeeksport. Dei klarte å nytta ut den store natur-­ ressursen, som i så rikelege mengder strøymde inn til vestlandskysten. Dei skaffa seg ein leveveg utanfor bondesamfunnet og etablerte seg i handelsborgar­- skapet i Haugesund.

Før vi vurderer korleis valentinsenbrørne kunne klara å utnytta den sjansen silda gav, vil eg gjera ei kort, generell vurdering av korleis det kunne vera moge­leg for ein husmannsson/bondeson å arbeida seg ut av den tradisjonelle bonde-­ økonomien og verta ein aktiv del av handelsøkonomien gjennom den nye næringa. Men sjølv om det no var slik at det vart lagt til rette for at bønder og husmenn kunne kasta seg ut i handelsøkonomisk verksemd, var det langt frå sikkert at dei ville gjera det.

Vi kan tenkja oss ein mogeleg karrierestige på grunnlag av vårsildfisket fram­stilt som i punktoppsettet under.

1. Fiskar /partseigar fiskefartøy/garn eller notbruk

2. Saltar/skipper/fartøyeigar

3.  Saltar/skipper/fartøyeigar/eksportør

4. Skipsreiar/forretningsmann

 

Hovudaktiviteten på det einskilde trinnet var som følgjer :

Trinn l. Lønsmottakar som selde  arbeidskrafta si i periodar/selde råvara/salta til eige forbruk

Trinn 2. Salta og selde til eksportørar-fraktefart innanlands /svensk vestkyst

Trinn 3. Salting - fraktefart - sildeeksport - kornimport

Trinn 4. Skipsfart -eksport -import

 

Oppsettet er eit forsøk på å framstilla dei ulike rollane aktørane i sildefiskeriet kunne ha på 1800-talet midt i den beste vårsildperioden. Det er samstundes ei framstilling av den teoretisk mogelege "karrierestigen" for ein som gjekk i gong utan startkapital i noko form. På trinn 1 finn vi den  vestlandske bonden/husmannen som dreiv med fiske som ein naturleg del av gardsbruket. Så kom dei store sildeinnsiga som gjorde det mogeleg for mange å selja arbeids-­ krafta si i nokre månader. Denne arbeidsinntekta vart nok nytta på ulikt vis, men det kan tenkjast at den kunne vera startkapitalen som skulle til for å byggja seg opp med tanke på ei klatring på "karrierestigen" .

Det var nok ikkje like høge opptrinn alle stader i stigen. Det var truleg eit større og vanskelegare trinn å ta steget opp til gruppa med eksportørar. Sjølv om ein på mange måtar var ute av bonderolla og langt inne i handelsmannsrolla også på trinnet før, vart det stilt nye krav før ein kunne ta neste steg.

Fase 1  1812 - 1845

Snikkarøyro - bakgrunn og miljø

Det er ikkje utan vidare lett å sjå samanhengen mellom John Valentinsen, skips-­ reiaren i Haugesund, som døydde i 1900, og John Farteinson Øjren, husmannsson frå Øyro i Kvinnherad . Men dette er same mann, og forklaringa ligg i det sjeldne Fartein-namnet. Fartein (Fartegn) vart uttala Faltin, og etterkvart vart skrivemåten Valtin. Dermed vart John Farteinson til John Valentinsen då han flytta frå Øyro i 1840-åra. Det vart fødd 9 born i perioden 1805-1826 i Øyro, eller Snikkarøyro, som husmannsplassen også vart kalla.  6 av desse vaks opp, og det er dei tre gutane Henning (f. i 1812), John (f . i 1821) og Johannes (f. i 1823) som er interessante i denne samanhengen. Utgangspunktet deira var knapt det beste. Far deira var eldste son på Øye, gnr/bnr 115/11 som låg på den nord-  aus­tre enden av Snilstveitøy i Kvinnherad. Uvisst av kva grunn, fekk ikkje far deira, Fartein Hemmingson Øye, overta heimegarden som baroniet i Rosendal eigde, og som far til Fartein hadde drive. Derimot så gifta han seg med ei gammal ekkje til den husmannsplassen der han seinare fostra opp sønene, medan ei syster overtok heimegarden. Den 62 år gamle ekkja døydde snart, og Fartein gifte seg oppatt. Han kunne ikkje ha vore heilt utstøytt frå familien, for ved skifte etter faren i 1815 fekk han sin halvpart av verdiane i buet, 150 spd. Skifta frå bruka på Øye viser at dette var bruk der folk var vel vane med fiske og bøkring, og dei dreiv også med fraktefart, mellom anna til Bergen. Valentinsenbrørne voks altså opp i eit miljø der fiske og fraktefart var vanleg. Men det er likevel lite som peikar i retning av at heimemiljøet var ein sterk stimulans til å gå inn i rolla som handelsmenn med sild. Vi kan vanskeleg tru at her var noko medviten opplæ­ring av sønene for å førebu dei til sildeeksportørar. Ei anna sak er det at det naturlegvis ikkje kunne vera leveveg for alle sønene på  husmannsplassen i Øyro.

Vi møter gutane att i kyrkjeboka då dei var konfirmerte i 1828, 1835 og 1838. For Henning er det ingen opplysningar innført i kyrkjeboka av presten. Presten hadde ikkje teke til å skriva inn "karakterar" i kyrkjeboka så tidleg. Men i 30-åra fekk kvar konfirmant presten si vurdering ført inn, og både John og Johannes fekk god omtale av presten. Dei var mellom dei aller flinkaste i sine kull etter presten si vurdering, med " Meget gode kundskaber, meget god flid og ditto oppførsel." Det ser altså ut til at gutane var godt utstyrte med "boklege evner" og arbeidsvilje då dei vart konfirmerte i 14 - 16-års alderen. Og det er heller ingen grunn til tru at presten var overdriven positiv til to husmannssøner.

Det er ikkje mykje å henta frå kjeldene om dei første ungdoms- og vaksenåra til valentinsenbrørne. Vi må tru at dei som husmannssøner flest tok seg arbeid der det var å finna. Oppvekstmiljøet og situasjonen med eit godt sildefiske gjer det rimeleg å rekna med at dei skaffa seg arbeidsinntekt først og fremst frå sjøen- anten som fiskarar eller mannskap på fraktefartøy. Dei kan sjølvsagt også ha drive salting i liten målestokk for på den måten å auka fortenesta noko. John kan ha vore yrkesaktiv  i omlag 10 år før vi registrerer  han som flytta i 1845, og Henning har naturleg nok hatt høve til arbeidsinntekt endå lengre. Dette vert spekulasjonar, men handlingsmønsteret deira etter 1845 tyder på at dei har hatt høve til å leggja seg opp noko kapital som dei då investerte i fartøypartar. Det er rimeleg å rekna at dei fram til 1846 har vore på første trinnet i "karrierestigen". No kan det godt tenkjast at brørne også dreiv salting i mindre målestokk i tillegg til fiske før 1846. Ja, det er vel grunn til å rekna det som sikkert at dei gjorde det. Når John var i stand til å salta og eksportera så mykje som 3-400 tønner i 1846, så må vi tru at han hadde erfaring som saltar frå tidlegare. Det kan tenkjast at brørne har opphalde seg i karmøyområdet frå tidleg i 40-åra og drive både fisking og salting der. Vi kjenner fleire døme på at husmenn, bondegutar eller drenger dreiv salting i liten målestokk i til dømes salteriet til arbeidsgjevaren. Det var godt mogeleg for ein som hadde vore heldig med sildelotten sin å satsa på salting av til dømes 10-20 tønner sild. Kapitalinnsatsen som skulle til for ei slik salting, kunne alle makta etter ein god fiskevinter. Tønnene ville kosta omlag 8-10 spd, og saltet kunne kjøpast for 15-20 spd. Utan eige naust eller sjøhus til å lagra silda i, måtte det nok betalast leige for å ha silda ståande til våren då den kunne seljast til ein eksportør for 4-5 spd. for tønna i 40-åra. Valentinsenbrørne kan også ha frakta silda til Øyro for å driva salting der. Vi veit at det vart drive bøkring på Snilstveitøy, og der hadde dei også lagerplass for sildetønnene. Så det kan tenkjast at det einaste som måtte kjøpast, var saltet, og sjansane til god forteneste var dermed større. Med å starta i det små på denne måten, kunne inn­- satsen og også fortenesta aukast år for år.

Flyttelistene i kyrkjebøkene er ikkje fullstendige, heller ikkje i Kvinnherad. Det er berre Johannes som er registrert som utflytta; "Foraaret 1850, Ungkarl Johannes Valentinsen Øren 26,5 aar til Tysvær Prestegjeld". Vi legg merke til at kvinnheradspresten skreiv Valentinsen i kyrkjeboka. Presten har ikkje registrert utflytting på verken Henning eller John. Johannes er registrert i Tysvær som inn­- flytta "for at fare tilsøs", og han har tilhald på ein gard som heitte Kro. På denne garden gifte ungkar og jakteførar Henning Faltinsen Kro seg 24. november 1850. Johannes flytta altså etter broren som på denne tida dreiv både som jakteførar og bonde i Tysvær. Det har ikkje vore råd å firma innflytting for Henning, det vert difor noko usikkert kva tid han flytta frå Øyro. Men dei to eldste brørne var truleg flytta frå Øyro i 1845, og yngstemann kom etter i 1850. Dei slo seg ned i eit sentralt distrikt med tanke på fiske, handel og fraktefart med sild.

 

Fase 2  1846-1850

Fraktefart med eigne fartøy

I fartøyregisteret 1848-49 frå Bergen er Henning og John Valentinsen oppførte som eigarar av ein dekksbåt, "Brødrene", der Henning er skipper, og ei jakt, "Christine", som John er skipper på.10 Begge fartøya er registrert som heime-høyrande i Bergen Tolldistrikt, men det skuldast truleg at "systemet" oppfanga endringar seint. Det første fartøyet er ikkje større enn 4 kommerselester, og målebrevet er datert i Bergen 10.06.48. Det har ikkje lukkast å finna bilbrev etter fartøyet, men dersom det ikkje har vore ombygd og nymålt, tyder målebrevet på at "Brødrene" var bygd i 1848, og at dei kjøpte det nytt. John er i 1848-49 også oppført som hovudreiar for et anna og langt større fartøy. I fartøyregisteret for Bergen er han oppført som eigar og skipper på jakta "Christine" på 15 kommerselester. I fartøyregisteret frå Haugesund for 1856, er "Christine" registrert som eit 9 år gamalt haugesundsfartøy bygd i Gøteborg.11 I mai dette året utklarerte John Valentinsen for første gong med "Christine" frå Mandal til Gøteborg med 348 tønner sild. "Christine" er målt til 15,5 kml i april same år i Kristiansand, men i utgåande tollbok for Haugesund 1855 er det også vist til målebrev frå Bergen datert 13.10.1846. Frå då av er jakta registrert som 15 kml. Han må ha hatt nokre år med god forteneste før han kunne kjøpa dette fartøyet, sjølv om vi må rekna med at også dette fartøyet var eigd av eit partreiarskap. Opplysningane i tollbøkene er tvetydige. Ved første utklareringa frå den nye tollstasjonen i Haugesund i 1855 er det innført at "Christine"

"..tilhørende ham selv med flere..."Men ved alle seinare høve er fartøyet ført inn berre som tilhøyrande John Valentinsen. I Rederiforeningen sitt kartotek er det ført opp 4 reiarar for "Christine" i 1862, det same året fartøyet forliste: John Valentinsen, Christian Christiansen, Jens Thommasen Risøen og Hagtor T. Ænes som også var skipper. Det er vanskeleg å tru at John Valentinsen skal ha kunna kjøpt dette fartøyet nytt åleine så tidleg som i 1846. Det ville dessutan bryta med det som var den vanlege forma for sameige i fartøy, ein finansierings­ måte som John Valentinsen nytta seg av ved alle andre fartøy han hadde interesser i. "Christine" var ikkje i drift for Valentinsen i 1857, slik at det er ikkje råd å sjå av sjølvmeldinga hans korleis han ville delt fortenesta på fartøyet.

Det er grunn til å stansa opp ved dei investeringane som brørne gjorde på kort tid. Spørsmålet vert korleis dei kunne skaffa kapital til fartøyinvesteringane som ganske visst var starten på ein karriere. Utan at eg kan leggja fram eksakte summar for desse investeringane, så snakkar vi om relativt store investeringar i femårsperioden 1846 til 1850 når det gjeld fartøya . Ut frå lensmannsmeldingar frå Sunnhordland og tilsvarande meldingar frå amtmannen, vil det ikkje vera mykje feil å rekna 80 spd. pr. kommerselest for eit nytt fartøy med segl og rigg. Dei to brørne hadde investert i 2 fartøy på tilsaman 19 kml. det siste femåret av 40-åra. Det vil seia ein innsett kapital på omlag 1.500 spd. I tillegg til desse far­ tøyinvesteringane var John i gong med å setja opp eit kombinert bustad- og sjø­ hus på slutten av 1840-åra, og få år seinare eit nytt bustadhus på Risøy. Det kan tenkjast fleire måtar å skaffa naudsynt kapital på. Eigne midlar kunne skaffast ved arv, lån og arbeidsinntekt. I tillegg kunne det reisast kapital til fartøy-bygging ved å oppretta eit partreiarskap. Arv som skulle ha noko å seia fordesse investeringane, kan vi sjå bort frå. Det var ikkje skifte etter foreldra på Øyro før i 1859/60, og der var det dessutan knapt med investeringsmidlar. John og Johannes fekk kvar 17 spd. frå auksjonen etter foreldra i 1860. I 1850 var dei to eldste brørne 29 og 38 år, dei kunne altså ha eit fleirårig vakse yrkesliv bak seg midt i denne investeringsperioden. Henning og John kan ha delteke i fisket i fleire år og lagt seg opp kapital på den måten. Som nemnt tidlegare, er det grunn til å rekna med at dei har drive sildesalting. På ein god fiskesesong skulle det vera mogeleg å leggja seg opp 50 spd. Om vi seier at John har hatt ti gode fiske­ sesongar bak seg ville han kunna ha eit utbyte på 500 spd. I tillegg kan dei ha drive fraktefart, og ifølgje dei same amtmannsmeldingane som nemnt ovanfor, rekna ein nettoforteneste på eit heimleg fraktefartøy til 12 spd pr kml. Det skulle gje John og Henning omlag 80-100 spd kvar pr. år i forteneste på fraktefart med "Christine" som så kunne nyttast til å investera i "Brødrene". Og sjølv om det er mogeleg at dei også hadde forteneste på salting og sal av saltsild før fartøyinve­ steringane, ville dei ha vanskar med å ha noko særleg høgare nettoinntekt enn 100 spd pr. år i den første fasen fram til 1846. Då må dei anten ha lånt pengar til å investera med, eller hatt fleire med i eit partreiarskap, i allefall i utgangspunktet. Dei kan naturlegvis ha nytta seg av begge desse måtane til å skaffa kapital på. Om amtmannen sine vurderingar av kostnad og forteneste er rette, ville inve­ steringane i eit fartøy gje ei forteneste på 15% på innsett kapital. Det må seiast å vera god forrenting, og det kan forklara noko av satsinga og investeringslysta.

Men same korleis dei makta å reisa kapitalen, faktum var at ved utgangen av 1840-åra var dei to brørne etablerte i det beste sildeområdet med sjøhus for salting der det kunne saltast mellom 1000 og 2000 tønner, og minst to fartøy som kunne nyttast i import- og eksporttrafikk i tillegg til innanlandsk fraktefart. Ingen av dei hadde enno skipperborgarskap, og sildeeksporten måtte difor gå til Sverige. John løyste skipperborgarskap i Stavanger 20I5 1851. Han kunne då fritt eksportera sild i heile Austersjøen, medan Henning måtte halda seg på den svenske vestkysten. Vi ser altså at på slutten av 1840-åra må dei to eldste brørne alt vera godt i gong med sildehandel og sildeeksport som må ha gitt god for­ teneste. Det ser ikkje ut til at Johannes kom med i kompaniskapet med dei to andre brørne før han flytta til Kro i 1850, men han har truleg hatt den same starten som fiskar som dei to andre. Det kan også tenkjast at han var med som mannskap på fartøya som brørne eigde. Han må i alle fall ha gått i praktisk sjø­ mannslære, for tidleg i 50-åra tok han til å føra fartøy i utanriksfart. Og, som vi skal sjå, hadde han også kapital til å skaffa seg fartøypartar .

Dei første registreringane i tollbøkene etter desse fartøya på 40-talet, er frå mai 1846. John utklarerte med ei sildelast til Gøteborg frå Mandal, der han oftast toll­ klarerte før Haugesund vart tollstasjon i juni 1855. Han gjekk truleg til Gøteborg med ei last også i 1847, men den lasta har det ikkje lukkast å firma spor etter.

Men så uvanleg seint på året som 29. november går "Christine" frå Mandal til Karmsund med fleire ulike typar varer i lasta. I mai 1848 går på nytt turen til Gøteborg med ei sildelast som er tolla i Mandal, og i returlasta til Stavanger er det mellom anna bomullsdukar, såpe, 3 tønner havre og 6 sekker kaffi. I slutten av september kjem "Christine" til Kopervik frå Mandal med fleire typar varer. Det var naturlegvis viktig for fortenesta at dei skaffa seg returlast, anten frå hamna dei hadde levert silda i, eller frå ein annan svensk eller norsk by. Ei retur­ last med korn kunne dobla fortenesta for fartøyeigaren i høve til retur i ballast.

I tollboka frå 1848 er det innført at John Valentinsen utklarerte til Gøteborg "med egen jagt." Etter turen til Kopervik hausten 1848 er både John og "Christine" borte frå mine kjelder eit par sesongar før dei på nytt dukkar opp i Kristiansand i mai 1851. Dersom fartøyet ikkje har vare til reparasjon i denne perioden, er det liten grunn til å tru at jakta har lege i opplag. Dei andre parts­havarane kan ha nytta "Christine", eller John kan ha gått i innanriks fraktefart med jakta si. Dersom han i 1849 og 1950 var oppteken med å byggja sjøhus på Risøy, kan det tenkjast at jakta var ført av andre skipperar, og at John eksporter­ te sild med desse. Det kan altså sjå ut til at John Valentinsen gjekk ein tur til Gøteborg med jakta si pr. år i desse første åra. Det er svært liten skilnad på talet på tønner som "Christine" lasta på kvar tur. I heile perioden der fartøyet var i bruk, førte den mellom 360 og 372 tønner salt sild. Inntekta på ei slik sildelast levert i Gøteborg varierte lite dei siste åra av 40-talet. Prisnoteringar i svenske aviser tyder på ein pris på rundt 11 sv rdr pr. tønne, noko som skulle til­ svara 4 rdr specie. Andre avisnoteringar frå sildemarknaden tyder på at nord­ mennene selde silda for 3,5 spd pr. tønne i 1848. Vi kan rekna med at prisen vari­erte mellom 3,5 og 4 norske speciedalar for tønna. John Valentinsen kunne altså rekna med å få 1300 - 1500 norske speciedalar for ei sildelast med "Christine" i siste delen av 40-åra. I 1845· kosta ei tønne rug til samanlikning 3 rdr specie i Sverige.

Henning Valentinsen utklarerte frå Egersund 10. mai 1849 med 100 tønner vårsild som han skulle til Gøteborg med. Han "ankom fra hjemstedet" som det står i tollboka, altså frå Tysvær. Her kan han godt ha fiska og salta denne silda sjølv som han deretter eksporterte på ''Brødrene" Han returnerte med kornlast frå Gøteborg halvannan månad seinare. Sjølv om fortenesta på frakta skulle delast med broren, John, og det kan jo tenkjast at dei eigde også sildelasta saman, så må desse turane ha gjeve god forteneste. Det ser altså ut til at John ikkje sjølv fraktar saltsilda utanriks i 1849 og 1850, men at det er Henning Valentinsen som går med den minste jakta til Gøteborg desse to åra. Men det er all grunn til å tru at John framleis salta sild, til og med meir enn tidlegare. Ei sekundærkjelde viser til bankobrev som John Valentinsen har motteke i 1850 for tilsaman 2974 spd.14 Det meste av dette er truleg for sildeeksport i 1849 og 1850.

 

Fase 3  1851 - 1857

Oppbygging i Haugesund og austersjøfart

John bygde seg kombinert sjøhus og bustad på Risøy rundt 1850. Dette var bygd som sjøhus i første etasje og våningshus i andre etasje på same måte som mange andre bygg i Haugesund på denne tida.  I 1855 bygde John nytt, staseleg våningshus på øya. Huset viser svært godt att på det første kjende fotografiet av Haugesund frå 1860.  I 1864 flytta han huset over på fastlandssida.  Ein mann som kunna driva slik byggeaktivitet i tillegg til fartøyinvesteringane, må ha tent gode pengar. Husa var i 1856 verdsette til 3150 spd. I 1853 budde Johannes og John saman, og dei skaffa seg ei Helga Nedrebø som "husbestyrende". I 1855 vart ho gift med Johannes, og det var ho som dreiv salteri og sildeforretningen vidare då Johannes døydde. John vart også gift i 1855.

Frå tidleg på 50-talet er det altså dei to yngste brørne som har slege seg saman om salting og eksport av sild. Henning og "Brødrene" ser ikkje ut til å ha delteke i forretningane etter 1851. Eg har ikkje funne nokon registreringar på fartøyet i register eller tollbøker etter 1851 då han gjekk med ei sildelast til Gøteborg.     Far­tøyet er ikkje registrert under Bergen i 1855, og det er heller ikkje med i den nye lista som kom for Haugesund Tolldistrikt frå 1856. Det tyder på at fartøyet anten er selt, har forlist eller er utrangert. Henning flytta i 1852 til Sjernarøy i Nærstrand Prestegjeld, og seinare til Helgøen i Hjelmeland. Han drog seg etter­ kvart ut av fraktefarten og sildeeksporten. Han døydde i 1858. Henning var altså ikkje i særleg grad med då dei to andre brørne verkeleg gjorde det godt i 1850-åra, men han var den som drog det heile i gong og la startgrunnleget saman med John.

I fartøylista frå Haugesund i 1856 finn vi  dei to andre brørne oppførte med kvar sitt fartøy. Jakta "Christine" er no registrert i dette tolldistriktet med John Valentinsen som hovudreiar og skipper. Fartøyet er oppført med 2 ma­trosar og ein dreng. I denne fartøylista finn vi tillegg eit nytt fartøy; jakta "2de Brødre" med Johannes Valentinsen som skipper og hovudreiar. Denne jakta var med 12,5 kml litt mindre enn "Christine", men hadde same mann­skapsstorleik. Jakta var bygd i Skånevik, og etter fartøylista skulle den vera bygd i 1850/51. "2de Brødre" har målebrev frå Egersund datert 16. april 1851. Namnet kunne tyda på at dei to brørne eigde fartøyet saman, og nokre år seinare vert dette stadfesta gjennom delinga av fortenesta på frakter i to partar, og gjennom føringar i den første tollboka frå Haugesund i 1855. Det går av dette ikkje fram kva tid "2de Brødre" vart kjøpt, men det er truleg at fartøyet vart kjøpt av John og Johannes som nybygg i 1850/51. Dersom det er rett, så var det­ te det tredje fartøyet John Valentinsen skaffa seg partar i på rundt fem år. Det første fartøyet var rett nok lite, men dei to siste var over middelsstorleiken for sildejaktene. Og like etter, eller delvis samstundes, har han bygd sjøhus og våningshus. "2de Brødre" skulle etter same overslag som tidlegare, ha kosta omlag 1200-1300 spd. Johannes var heile tida meir "forsiktig" i investeringane enn broren. Først i 1858 er han oppført med fast eigedom, eit naust til verdi 60 spd.

I mai 1851 løyste John skipperborgarskap i Stavanger, og han tok dermed eit nytt steg oppover stigen. Han fekk med dette formelt løyve til å føra sildefartøya sine ikkje berre til Gøteborg, men også til dei aktuelle importlanda i Austersjøen. Frå no av ser det ut til at aktiviteten og kapasiteten aukar monaleg. Allereie ein månad etter at skipperborgarskapet var i orden, gjekk John til Pillau med ei sildelast, og han returnerte med korn. Same året var "Christine" å finna både i Malmø og Danzig med sild. John Valentinsen var heile tida dyktig til å skaffa seg returlast, sjølv om han til tider måtte gå i ballast ein liten del av reisa. Det er ingen tvil om at han nytta ut kapasiteten på fartøyet sitt betre enn mange andre. Han gjekk dermed lite på "tomgang", og fortenesta vart desto større. I heile denne perioden var det stor aktivitet. Aksjonsradius vart utvida, og John gjekk no både inn i Austersjøen og vestover til England. Varespekteret var også utvida, og det omfatta i tillegg til sild i hovudsak korn og tømmer/trelast. Men framleis var sildefraktene til J.O.Gren i Gøteborg hovudsaka i fraktefarten og handelen for John Valentinsen.

I desse åra var det ikkje berre ein tur pr. år med sildefrakt. Nei, "Christine" gjorde opp til 4 utanlandsturar i året, og jakta hadde ei som nemnt tidlegare, lastekapasitet på omlag 370 tønner sild pr. tur. Dessutan var Henning og "Brødrene" bytt ut med Johannes og det nye fartøyet, "2de Brødre", som frå 1853 deltok svært aktivt i sildetrafikken. Johannes måtte halda seg på den svenske vestkysten sidan han var utan skipperborgarskap, og han gjekk difor kvar gong til Gøteborg. Jakta hadde ein lastekapasitet på omlag 295 tønner sild, og Johannes tok både tre og fire turar til Sverige med sild kvart år. Dei to brørne eksporterte til saman over 2000 tønner sild frå Haugesund for året i denne perioden. Dette var sild som delvis var kjøpt inn fersk og salta i John sitt salteri på Risøy, og delvis var silda kjøpt inn ferdigsalta. Gode prisar, særleg mot slutten av perioden, gav stor for­teneste. Vi kan lesa dette direkte av likninga, der både formue og næringsinntekt aukar, og vi ser det indirekte av stadig nye investeringar. I 1856 er John likna for 820 spd i næringsinntekt, og Johannes for 170 spd. I formue er tilhøvet mellom dei to brørne omlag det same, John er ført opp med 7500 spd i formue, medan Johannes berre står med 700 spd i protokollen.  Ein må kunna seia at dette var starten på ein gullalder for dei to husmannssønene. Hovudinntekta fekk dei på sildeeksporten og fraktefart. I tillegg hadde dei leigeinntekter ved at andre saltarar leigde plass i John sitt salteri. Vi har registreringar som viser at både kvinnheringar og kona sine slektningar frå Flekkefjord nytta John sitt salteri.

 

Fase 4 1858 - 1865

Salting i nordområdet og inn i skipsreiarrolla.

Rundt 1858/59 er det tydeleg teikn på endring. Det eg kalla for gullalder i forrige fase, viser ingen teikn til å ha endra seg til nedgang eller stagnasjon i dei første åra rundt 1860. Tvert om så ser det ut til framleis å vera gode tider for valentinsenbrørne. Men det kan peikast på fleire faktorar som tyder på ein ny epoke. For det første skaffa John seg part i eit nytt og større fartøy i 1857. For før­ste gong disponerte dei ei jakt på over 20 kml som altså lasta over 500 sildetøn­ner. "Christine" vart skifta ut med "Brødrene" som var på 21 kml, og dermed hadde dei auka transportkapasiteten frå omlag 660 tønner til over 800 tønner.  I 1861 vart jakta "Freya" på 17 kml kjøpt til erstatning for "2de Brødre", og der­ med auka transportkapasiteten nok ein gong.

Ei anna vesentleg endring skjer frå 1859. Frå då av var det Johannes som stod for den praktiske utskipinga av silda. Etter den tid ser det ikkje ut til at John gjekk i utanriksfart som skipper på eige fartøy. Samstundes er vi inne i ein periode der silda har flytta nordover, og valentinsen­brørne flytta etter. Frå 1859 dreiv dei salting i stor stil i Kinn. Det er godt mogeleg at John var oppteken med å driva saltinga i nordområdet, slik at Johannes måtte stå for den praktiske sida ved eksporten til Sverige. For i all hovudsak var det no slutt på austersjøeksporten, så godt som all silda gjekk i denne perioden til Gøteborg. Det kan vera fleire årsaker til dette. Som nemnt kan det vera ei reint praktisk arbeidsdeling i samband med saltingsverksemnda i nord, men på den andre sida salta også Johannes i Kinn, sjølv om det var i mindre målestokk enn broren. Det kan vera at dei har funne ut at fortenesta var større med svenskeeksporten samanlikna med å gå inn i Austersjøen. Det kan naturlegvis også tenkjast meir prosaiske årsaker som sjukdom i familien eller skade på fartøy. Men den mest trulege årsaka til endringa er at John i denne perioden er i ferd med å gå inn i rolla som sildeeksportør/forretningsmann eller skipsreiar. Vaktjournalane frå Haugesund dei første åra på 60-talet viser at John brukte andre skipperar på sitt eige fartøy, han nytta leigefartøy og han brukte damp­skipsruter til varetransport i staden for sjølv å transportera varene med eige fart­øy. Talet på tønner som John Valentinsen salta, gjorde eit markert hopp oppover frå 1858/59. Saman med broren salta han kvart år i denne perioden mellom 1500 og 2500 tønner sild. Når vi samanliknar dette med talet på tønner som Johannes frakta ut med sine fartøy, er det tydeleg at ein del av dei salta tønnene har vore eksportert med andre skipperar på andre fartøy. Eg har konkret berre funne eitt døme på dette då H.T. Enæs som skipper stod for eksporten av saltsild for John Valentinsen, men dette har truleg skjedd fleire gonger. No kan det også tenkjast at denne "mankoen" ikkje vart eksportert av valentinsenbrørne, men seld innanlands til andre eksportørar.

Etter ein noko roleg periode for Johannes med berre 2-3 turar med sild til Sverige pr. år i 1859-61, startar ein svært hektisk periode frå 1862 med "Freya". På 4 år går han 19 turar til Sverige (Gøteborg) med sild og eksporterer samla 7000 tønner. Men det er ein fallande tendens i aktiviteten i perioden frå 1862 fram mot 1865.

I 1865 leverte som tidlegare nemnt, både John og Johannes inn eigne "sjølv­meldingar" til likningskommisjonen. Desse inntektsoppgåvene stadfester inn­trykket av at John hadde trekt seg ut av skipperrolla, og henta inntekta si først og fremst som saltar, eksportør og partseigar. Han oppgav inntekter frå tre fartøypartar. I tillegg til inntekt frå dei to nemnde fartøya, hadde han omlag 350 spd i næringsinntekt frå barkskipet "Haugesund". Dette fartøyet eigde John Valentinsen 1/4 av då dei kjøpte det i 1864 for 11272 spd. Han hadde dessutan leigeinntekter, men ingen hyreinntekt slik han hadde i 1857. Johannes derimot hadde hyreinntekt i tillegg til inntekt frå "Freya". Han gav opp ei nettoforteneste på salting av 330 tønner sild i Haugesund på 211 spd. Begge to hadde også dette året salta i Kinn, men som John skriv, så skulle dette ikkje skattast for i Haugesund. Elles viser inntektsoppgåvene deira at dei ikkje eigde "Brødrene" saman. John delte den samla inntekta på fartøyet i to like delar, medan Johannes ikkje førte noka inntekt i det heile frå dette fartøyet. I rederiforeningen sitt kartotek var Chr. Christiansen, ein av dei store saltarane og fartøyeigarane i Haugesund, som John hadde sildeforretningar saman med, eigar av den andre halvparten i "Brødrene". Det same kartoteket viser at Johannes Valentinsen hadde part i ei anna jakt , "Tidens Prøve" på 17 kml innkjøpt i 1858. Her var Ole Pettersen, systerson til John og Johannes, skipper. Dette fartøyet er det ikkje råd å finna registreringar etter i mine kjelder. Det har truleg ikkje vore nytta i utanriksfart.

Suksessfaktorane

Valentinsenbrørne kan stå som representantar for fleire grupper av aktørar i sildefiskeriet i perioden 1840-1870. Kor typiske dei var, kan det vera ulike meiningar om. Ingen av dei vart reine sesongfiskarar som trekte ut i sildedistriktet i fiskesesongen. Og ingen av dei enda som lønsarbeidar i Haugesund, slik Kåre Olsen hevdar framtidsutsiktene var for dei fleste husmannssønene som prøvde å skaffa seg ei innkome i vårsildfiskeriet. Svært mange husmannssøner med same utgangspunkt som Henning, John og Johannes Valentinsen arbeidde seg aldri ut av fiskarrolla og dei vart verande på første trinnet i karrierestigen. Slik sett var brørne knapt representative for den store massen som deltok i sildefiskeriet.

Vi kan peika på følgjande faktorar som var medverkande til at John Valentin­ sen tok steget opp på øverste trinnet:

1. Samarbeidsvilje og risikofordeling

I fellesskap, men med ulike grupperingar, oppretta han partsreiarskap. Det var ikkje noko spesielt for John Valentinsen, dette var den heilt vanlege forma for å reisa kapital til fartøykjøp. John hadde fartøypartar saman med brørne, andre kvinnheringar og andre storsaltarar i byen. Og det er tydeleg at han svært med­ vitebygde opp transportkapasiteten i takt med aukande handelsverksemd. Vi ser korleis transportkapasiteten med eigne fartøy gradvis vart bygd opp. Det er ingen ting som tyder på spekulativ satsing på fartøypartar utan grunnlag i eigen aktivitet. Han dreiv også salteriverksemd saman med brørne og i tillegg med familien til kona. Det ser dessutan ut som om John hadde meir eller mindre fast handelssamkvem med J. 0. Gren i Gøteborg. Dette medverkar også til inntrykket av satsing på det sikre og trygge. John var også mellom dei som var tidleg ute med å forsikra fartøya sine. "Brødrene" var t.d. forsikra i "den første norske Assuranseforening" for 2000 spd.

2. Sterk investeringvilje

John viste stor investeringslyst. Han reiste saltebu, og auka salteri-, og transport­- kapasiteten. I tillegg investerte han i eit stort bustadhus på Risøy. Dette vart seinare flytta til fastlandet. Han er med andre ord initiativrik i god entreprenør­ånd. Rentabiliteten på produksjonskapitalen var svært god, så det må ha gjort det mogeleg å nytta såpass store ressursar på eige bustadhus. Denne sistnemnde investeringa kan synast vanskeleg å få til å passa med omgrep som "nøysomhet og forsiktighet". Derimot er det eit godt bilete på "sosial ærgjerrighet".

Fortenesta var god, og formuen til begge brørne auka utover på 50-talet, men heile tida var det John som klart var hovudpersonen i partnarskapet. John tok skipperborgarskap i Stavanger og dermed var det formelle i orden for å driva eksport og fraktefart på ein langt større marknad i heile Austersjøom­rådet og samstundes vestover. Han investerte med andre ord også i human­ kapital. John var ein dugande skipper. Her er det ikkje først og fremst sjømann­skap vi tenkjer på, men den forretningsmessige rolla som skipperen hadde. Det var sjeldan han gjekk i ballast med fartøya etter sildeleveransar. Han skaffa seg både frakteinntekter og importinntekter ved å ta varer i retur.

3. Omstillingsevne

Brørne flytta etter silda då den drog nordover. Dermed opplevde dei ikkje den økonomiske blåmandagen som folk i Flekkefjord og Farsund møtte då ressurs­grunnlaget for verksemda forsvann frå deira distrikt nokre år tidlegare. John og Johannes flytta ein stor del av salteriverksemda si til Kinn, men framleis salta dei i Haugesund, der også Johannes no hadde eige salteri på fastlandssida. Johannes vart åleine om å føra fartøy i utanriksfart med silda, og han gjekk nærast i rute­trafikk til Gøteborg fram til 1865. John derimot, gjekk ingen utanlandsturar, han skaffa seg fleire fartøypartar og fekk på den måten ein større del av inntekta si gjennom det vi må kalla reiarverksemd. Han var på veg inn i skipsreiarrolla. Så då naturressursen som dei bygde all aktiviteten på forsvann frå dei næraste områda, var John i stand til å omstilla seg. Han dreiv vidare den tidlegare aktivi­teten, men i eit nytt geografisk område, og han la om til ny aktivitet. Dette er tru­leg den viktigaste suksessfaktoren, som naturlegvis har noko med personlege eigenskapar å gjera.

4. Haugiansk tru

Ein faktor som vanskeleg let seg dokumentera gjennom studier av den økonomiske aktiviteten, er innverknaden frå den haugianske trua. Men sjølv om dokumentasjonen er vanskeleg, er det liten tvil om at religionen var ei viktig drivkraft for mange. John Valentinsen var haugianar som mange andre i det nye borgarskapet i Haugesund.  Fleire forskarar har peikt på at Hauge viser drag av det som kan kallast "kapitalistisk ånd". For haugianarane vart arbeidet sett på som eit kall, der den kristne har eit forvaltaransvar på vegne av Gud. Økonomisk suksess vart sett på som prov på velsigning frå Gud. Men like viktig vart ei nøktern livshaldning. Utbytet skulle først og fremst gje grunnlag for reinvestering og verdiauke. Skal ein døma etter den økonomiske aktiviteten, var John Valentinsen ein god haugianar .

Når vi har gått nøgnare inn på den økonomiske aktiviteten som John dreiv, kan det synast som vi får best bilete av han ved å kombinera KLAS og Østensjø sine karakteristikkar. Han må ha vore skarp og dyktig, og i tillegg aktiv og initiativrik, men ikkje spelelysten. Han må ha vore påpasseleg og forsiktig, men samstundes økonomisk og soialt ærgjerrig. Når desse eigenskapane vart ekspo­nerte i eit område der naturen baud på rike ressursar, vart grunnlaget lagt for at John Valentinsen kunne klatra opp på øverste trinnet på karrierestigen.

 

Registrerte fartøyfrakter av Henning, Johannes og John Valentinsen 1846-1865

Båtnamn

Last

Fornamn

Frå hamn

Tollklarert dato

Levert last

Levert dato

Returlast innhald

Brødrene

100

Henning

Egersund

10.05.49

Kom og smør

 

 

Brødrene

0

Henning

Egersund

29.06.49

 

 

 

Helene

202

Henning

Mandal

21.09.49

 

 

 

Brødrene

 

Henning

Fredrikshavn/

08.08.50

Stavanger

12.08.50

 

 

 

 

Mandal

 

 

 

 

Brødrene

0

Henning

Stavanger

15.08.50

 

 

 

Brødrene

104

Henning

Mandal

14.05.51

 

 

 

Brødrene

0

Henning

Mandal

16.06.51

 

 

 

2.de Brødre

0

Johannes

Drammen

 

Stavanger

24.05.56

 

2.de Brødre

0

Johannes

Bergen

 

Haugesund

20.08.57

Sild

2.de Brødre

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

19.06.58

Trelast

2.de Brødre

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

03.08.58

Ballast + litt varer

2.de Brødre

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

26.07.59

Trelast

2.de Brødre

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

31.05.60

Trelast

2.de Brødre

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

15.07.60

Tøndestave m.m.

2.de Brødre

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

18.08.60

Stave m.m.

2.de Brødre

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

23.05.61

Bord m.m.

Freia

0

Johannes

Bergen

 

Haugesund

19.06.61

Tørrfisk

Freia

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

24.07.61

Trelast m.m.

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

10.09.61

Salt + stav m.m.

Freia

0

Johannes

Bergen

 

Haugesund

03.10.61

Sild

Freia

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

05.05.62

Trelast m.m.

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

13.06.62

Ballast

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

19.07.62

Ballast

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

10.08.62

Bøgestave

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

04.09.62

Ballast + faa varer.

Freia

0

Johannes

Stavanger

 

Haugesund

16.10.62

Stav

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

09.05.63

Egestave m.m.

Freia

0

Johannes

Bergen

 

Haugesund

17.05.63

Pilebånd

Freia

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

15.06.63

Frigj. varer

Freia

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

24.07.63

Trelast

Freia

0

Johannes

Drammen

 

Haugesund

25.08.63

Trelast

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

02.10.63

Stave m.m.

Freia

0

Johannes

Gøteborg .

 

Haugesund

14.06.64

Ballast

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

10.07.64

Furuplanker +

 

 

 

 

 

 

 

bøgestave

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

31.08.64

Ballast

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

10.05.65

Stav

Freia

0

Johannes

Christiansand

 

Haugesund

23.06.65

Trelast m.m.

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

18.07.65

Stav m.m.

Freia

0

Johannes

Gøteborg

 

Haugesund

21.08.65

Stav+ mursteen

2.de Brødre

0

Johannes

Egersund

20.07.53

Bergen

23.07.53

 

2.de Brødre

306,25

Johannes

Egersund

26.08.54

Gøteborg

30.08.54

 

2.de Brødre

296,75

Johannes

Haugesund

25.07.55

Gøteborg

02.08.55

 

2.de Brødre

297

Johannes

Haugesund

11.04.56

Gøteborg

19.04.56

Rug

2.de Brødre

297,25

Johannes

Haugesund

23.06.56

Gøteborg

28.06.56

Rug, kveite, malt

 

2.de Brødre

289

Johannes

Haugesund

21.08.56

Gøteborg

01.09.56

Ballast

2.de Brødre

0

Johannes

Gøteborg

05.09.56

Haugesund

09.09.56

 

2.de Brødre

296

Johannes

Haugesund

06.05.57

Gøteborg

19.05.57

 

2.de Brødre

297

Johannes

Haugesund

10.06.57

Gøteborg

16.06.57

270 kom +

 

 

 

 

 

 

 

112havre

2.de Brødre

270

Johannes

Gøteborg

23.06.57

Haugesund

4.07.57

Kornvarer

2.de Brødre

295,25

Johannes

Haugesund

14.05.58

 

 

 

2.de Brødre

295,25

Johannes

Haugesund

12.07.58

 

 

 

2.de Brødre

287,5

Johannes

Haugesund

23.08.58

 

 

 

2.de Brødre

295,25

Johannes

Haugesund

30.04.59

Gøteborg

09.05.59

 

2.de Brødre

296

Johannes

Haugesund

30.06.59

Gøteborg

01.07.59

 

2.de Brødre

288

Johannes

Haugesund

11.04.60

Gøteborg

26.04.60

 

2.de Brødre

291

Johannes

Haugesund

01.08.60

 

 

 

2.de Brødre

296,5

Johannes

Haugesund

19.04.61

Gøteborg

27.05.61

 

Freia

99

Johannes

Haugesund

16.07.61

Gøteborg

05.07.61

 

Freia

380

Johannes

Haugesund

21.08.61

Gøteborg

27.08.61

 

Freia

380

Johannes

Haugesund

18.03.62

 

 

 

Freia

383,5

Johannes

Haugesund

27.05.62

 

 

 

Freia

364

Johannes

Haugesund

01.07.62

 

 

 

Freia

380

Johannes

Haugesund

26.07.62

 

 

 

Freia

384

Johannes

Haugesund

20.08.62

 

 

 

Freia

307

Johannes

Haugesund

10.09.62

 

 

 

Freia

383

Johannes

Haugesund

09.04.63

 

 

 

Freia

386

Johannes

Haugesund

23.05.63

 

 

 

Freia

385

Johannes

Haugesund

26.06.63

 

 

 

Freia

382

Johannes

Haugesund

31.07.63

 

 

 

Freia

381

Johannes

Haugesund

08.09.63

 

 

 

Freia

360

Johannes

Haugesund

06.04.64

 

 

Bygg og havregryn

Freia

345

Johannes

Haugesund

16.08.64

 

 

Rug havregryn + andre

Christine

0

John

Gøteborg

 

Stavanger

06.06.48

 

Christine

0

John

Kristiansand

 

Pillau

05.06.51

Rug

Christine

0

John

Gøteborg

 

Stavanger

15.05.52

 

Christine

0

John

Gøteborg

 

Stavanger

08.06.52

 

Christine

0

John

Mandal

 

Danzig

04.08.52

Ballast

Christine

0

John

Kønigsberg

 

Bergen

20.07.53

Rug

Christine

0

John

Malmø

25.09.53

 

 

 

Christine

0

John

Sogndal

 

Gøteborg

15.06.54

 

Christine

0

John

Flekkefjord

 

Gøteborg

02.08.55

Kornvarer

Brødrene

0

John

Christiania

 

Haugesund

23.06.57

Murstein

Brødrene

0

John

Flekkefjord

 

Haugesund

14.08.57

Stav

Brødrene

0

John

Christiania

 

Haugesund

12.05.58

Trelast

Brødrene

0

John

Gøteborg

 

Haugesund

03.07.58

Salt

Brødrene

0

John

Gøteborg

 

Haugesund

13.08.58

Ballast?

Brødrene

0

John

Christiansand

 

Haugesund

16.09.58

Brende m.m.

Freia

0

John

Fredrikshavn

 

Haugesund

07.05.64

Bygg m.m.

Freia

0

John

Bergen

 

Haugesund

24.05.64

Indenlandske og

 

 

 

 

 

 

 

frigitte varer

Christine

348

John

Mandal

26.05.46

 

 

 

 

Christine

0

John

Mandal

29.11.47

 

Christine

372

John

Mandal

22.05.48

Gøteborg

26.05.48

Stykgods

Christine

0

John

Mandal

22.09.48

 

 

 

Christine

347,5

John

Egersund

04.08.51

 

 

 

Mina & Michael

0

John

Mandal

19.08.51

 

 

 

Christine

370

John

Mandal

06.09.51

Danzig

18.09.51

Kornvarer

Christine

369

John

Mandal

26.03.52

 

 

 

Christine

0

John

Mandal

03.04.52

 

 

 

Christine

0

John

Stavanger

15.05.52

 

 

 

Christine

372

John

Mandal

27.05.52

 

 

 

Christine

0

John

Calmar

06.07.52

 

 

 

Christine

0

John

Sogndal

28.07.52

 

 

 

Christine

373,5

John

Egersund

27.04.53

Gøteborg

09.05.53

Rug

Christine

0

John

Flekkefjord

17.05.53

 

 

 

Christine

368,5

John

Mandal

03.06.53

Pillau

20.06.53

Rug

Christine

371

John

Mandal

04.08.53

 

 

 

Christine

368

John

Mandal

22.04.54

Gøteborg

27.04.54

 

Christine

0

John

Mandal

04.05.54

 

 

 

Christine

370

John

Mandal

17.05.54

Gøteborg

20.05.54

Tøyvarer

Christine

0

John

Gøteborg

23.05.54

Egersund

25.05.54

Ballast  m.m.

Christine

0

John

Egersund

27.05.54

 

 

sort. varer

Christine

365

John

Mandal

26.07.54

Danzig

08.08.54

Tømmer

Christine

0

John

Danzig

21.08.54

Hull

11.09.54

Tømmer

Christine

0

John

Hull

20.09.54

 

 

 

Christine

368,5

John

Mandal

21.04.55

Gøteborg

25.04.55

 

Christine

367

John

Haugesund

05.06.55

Gøteborg

21.06.55

bygg og takstein?

Christine

367

John

Haugesund

19.07.55

 

 

 

Christine

362

John

Haugesund

06.09.55

 

 

 

Christine

363

John

Haugesund

19.04.56

Gøteborg

28.04.56

rug,kom,erter

Christine

0

John

Gøteborg

05.05.56

Haugesund

10.05.56

 

Christine

362

John

Haugesund

17.05.56

Gøteborg

25.05.56

ballast

Christine

0

John

Mandal

03.06.56

Haugesund

11.06.56

 

Christine

363,5

John

Haugesund

10.07.56

Malmø

25.07.56

Rug

Christine

0

John

Flekkefjord

21.08.56

Haugesund

25.08.56

 

Brødrene

507

John

Haugesund

02.05.57

Danzig

27.05.57

 

Brødrene

510

John

Haugesund

22.07.57

Gøteborg

27.07.57

 

Brødrene

510

John

Haugesund

18.09.57

 

 

 

Brødrene

510

John

Haugesund

12.04.58

 

 

 

Brødrene

516,5

John

Haugesund

02.06.58

 

 

 

Brødrene

511

John

Haugesund

23.07.58

 

 

 

Freia

0

John

Haugesund

11.05.64

 

 

 

Freia

381,5

John

Haugesund

02.06.64

 

 

2 sekker havregryn

Freia

376

John

Haugesund

24.06.64

 

 

ulike varer

Freia

380

John

Haugesund

22.04.65

 

 

 

Freia

382,5

John

Haugesund

24.05.65

 

 

 

Freia

350

John

Haugesund

07.08.65

 

 

 

Freia

381,5

John

Haugesund

06.04.66

 

 

 


 

Notar

1. Haugesunds Dagblad 30.09.1962.

2. R. Østamsjø: Haugesund 1835-1895 s. 59 ff.

3. K. Olsen: 1980 s. 114.

4. Haugesund byarkiv .

5. Eg har i hovudfagsoppgåva mi vist korleis dei ytre rammevilkåra gjennom handelslover og sjø­fartslover vart lagt betre til rette for bondedeltaking i eksport og utariks sjøfart. Tor Bringedal: «Som sild i tønne» Hovudfagsoppgåve UiB 1997, kap 2.

6. A. Stølen: 1991.

7. A. Havnelid: Kvinnherad 3, s. 590.

8. Kyrkjebok for Kvinnherad A6 - 1842.

9. Kyrkjebok for Kvinnherad A7 - 1843-1853.

10. Fortegnelser over heimhøyrande fartøy i Bergen Tolldistrikt 1848 og 1849.

11. Specification over de i Haugesund Tolddistrict Hjemmehørende Fartøyer.

12. Utloddningsprotokoll  Sunnhordaland 1860.

13. Svensk myntverdi 1834-1855: 1 rdr. specie=2 2/3 rdr. banko = 4 rdr. riksgilds. Frå 1855: 1rdr specie = 4 rdr rigsmynt (rdr rmt.) 1rdr rmt = 100 øre. I 1875 kom myntunionen med Norge og 1 rdr rmt vart sett til 1 krone, eller som i Norge 1rdr specie = 4 kroner.

14. Caspersen samling.

15. R. Østensjø 1958, s. 139.

16. Haugesunds Avis 22.11.1952. 17.Likningsprotokoll for Haugesund 1856.