I Enver Hoxha sitt rike

22. okt, 2018

Med mesteparten av bokmanus levert til setjaren, vart det så vidt tid til ein ferietur i år også. Ein rundtur i den midtre og sørlege delen av Albania i månadsskiftet august/september gav mange gode og interessante  opplevingar. Det er smått med direkteruter til Tirana, så for ein vestlending må det verta Helganes eller Flesland–Oslo–Instanbul–Tirana.  Og når vi ikkje ville køyra om natta til første flyplass, så medfører reiseruta også  ei overnatting på Karmøy. Kanskje det hadde vore like enkelt å reist til den greske øya Korfu og teke den korte båtturen frå denne øya over til Sarande, heilt sør i Albania. Men reisa via Instanbul gjekk greitt utan meir enn vanleg ventetid på nokon av flyplassane.  Vi landa tidleg kveld i Tirana, men sidan vi skulle avslutta turen i hovudstaden, så vart det tid til å sjå seg om her seinare. Etter ei lang reise var det greitt at det var kort gåavstand til hotellet med middag. 

Første etappe dagen etter gjekk ut mot Adriaterhavet til hamnebyen Durres. Det er ikkje noko å utsetja på hovudvegane rundt Tirana, og med ein erfaren bussjåfør som til og med hadde køyrt turbuss til Noreg, var det ingen grunn til å uroa seg i trafikken – enno. Sjåføren var elles eit kapittel for seg sjølv. Han snakka godt engelsk, og ville meir enn gjerne fortelja kor ille det var i Albania der mafiaen, etter hans meining,  styrte det aller meste. Han hadde nok eit poeng, men eg oppfatta det slik at «mafiaen» vart eit uttrykk eller ein merkelapp som han klistra på alt han var misnøgd med i landet.

Reiseruta på kartet viser at vi køyrde i midtre og sørlege delar av landet. Det er om lag 300 km frå Tirana til Sarande. Men Albania er eit fjell-land, så det var mange høgdedrag å passera, på det høgaste over 1000 m. Og mange stadar var det smale, svingete vegar. Albania er ny som bilnasjon, og sjåføren hevda at mange kvinner hadde kjøpt sertifikatet. At det truleg var tilfelle, fekk vi ei føling med då bussen møtte ein personbil på ein smal veg der det ikkje var passering. Privatbilen hadde ei utkøyring 10 meter bak seg, men sjåføren berre sat og slo ut med armane. Og der stod vi medan køane i begge endar vaks. Til slutt steig sjåføren i bilen bak ut, overtok rattet og rygga dei få metrane som skulle til. Som fotgjengar skal ein vera klar over at det er ein annan trafikkultur i Albania enn vi er vane med. Fleire stader stod det politi ved fotgjengarfelta, og utan dei på plass kunne det vera ein risikosport å kryssa gata – sjølv på grønt lys.   I Albania var privatbilismen forbode like fram til 1989, så ein må nok rekna med ein veksande biltrafikk framover, ikkje minst på grunn av ein aukande turiststraum.  Men det kan synast langt fram før innbyggjarane på landsbygda i sør byter ut esel og vogn med bil.

 

Durres er ein travel hamneby, men langs hamnegata der vi køyrde, var det ganske spesielt. Det hang eit virvar av leidningar og kablar langs gata. Noko var festa i stolpar, men mykje var festa i tre langs fortauet, til og med eit koplingsskap hang på halv åtte i eit tre. Durres gav oss ingen god grunn til å stansa lenge.

 

Då var det langt meir interessant å køyra søraustover og litt innover i landet mot Berat.  Albania har fleire byar der den gamle arkitekturen frå tida då dei høyrde til Det Osmanske riket framleis er godt teken vare på. Gamlebyen i Berat er ein av dei. Denne byen kom på Unesco si verdsarvliste i 2008. 

I Berat overnatta vi i utkanten av sentrum fordi det ikkje er mange overnattingsplassar  som kan ta imot ei gruppe på 40 personar. Standarden på hotellet var meir enn god nok. Dei av oss som ikkje sov gjennom natta fekk med seg eit lite lokalt trekantdrama på hotellet då ei forsmådd kone dukka opp på hotellet og tok ektemaken på fersken. Han hadde lagt seg inn på eit rom med elskarinna. Stor dramatikk utan at det vart løyst skot. Vi brukte ein dag i Berat, og det var fasinerande å vandra oppover smale, steinlagde gater  i gamlebyen. Der er ikkje sikkert at dei som budde i desse husa tykte det var like festleg med turistar like innpå seg. Dei sprekaste av oss tok seg opp til slottet på toppen av åsen. Etter to netter i Berat gjekk turen ut mot kysten att før bussen vende nasa sørover i retning Sarande. Frå Berat tok vi ei rute utanom hovudvegen, og då fekk vi merka at vegstandarden ikkje er like god over alt. Sjølv om vi berre så vidt fekk nokre regndråpar i håret på det 11 dagar lange opphaldet, var det nok kraftig regn som hadde fare ille med vegbanen. Det var så store groper nokre stadar at bussen truga med å verta hangande med hjula i lause lufta. Vegvedlikehald måtte ein venta lenge på , hevda bussjåføren.

Men vi kom oss fram til byar som Fier og Vlore. Vlore, med Vlorabukta like utanfor, har eit relativt  moderne sentrum. Dette er ein av kystbyane som prøver å byggja seg opp som turist- og badeby. Men vi stansa her først og fremst fordi aircodition-anlegget på bussen streika, og då fekk vi verkeleg kjenna temperaturen som heldt seg i overkant av 30 grader på heile turen. Men sjåføren fiksa sjølvsagt den biffen også.

Det mest spesielle med turen vidare mot Sarande var kryssinga av Mount Cika gjennom Llogara-passet. Høgste punktet på denne vegen er på 1027 medan fjelltoppane rundt er over 2000 m. Heilt fram til 2009 var denne vegen ein smal grusveg med berre ein køyrebane. Turen ned frå toppen var ganske spektakulær, bratt og svingete og smått med autovern.

Vi stansa på ein heller stor kafe/restaurant på toppen for lunch. Sjåføren hevda bestemt at det ikkje var naudsynt å melda frå på førehand at det kom 40 svoltne nordmenn på vitjing. Men det var sjølvsagt ei feilvurdering, og både fru innehavar og personalet vart ganske fortvila. Men dei tok fram alt dei hadde av 3-4 ulike rettar, og så kunne vi peika på det vi trudde vi likte. Og mat og drikke er billeg for ein nordmann i Albania.  For 400 LEK får du ein lunch, og ei øl kostar frå 150 til 200 LEK.  Og når ein 100 LEK er i overkant av 7,50 kr, så kan ingen klaga på den kostnaden til mat og drikke.

Mesteparten av tida i Albania budde vi på hotell Butrinti i Sarande. Hotellet er moderne og ligg ikkje tilbake for noko anna turisthotell eg har budd på. Sarande er turistbyen framom nokon i Albania. Frå hotellvindauga kunne vi sjå rett ned på badestrendene og promenadegata langs stranda. Sjølve byen er ikkje mykje å ropa hurra for, men det viktigaste med Sarande er at byen ligg sentralt til med tanke på utflukter til attraksjonane i denne sørlege delen av Albania. Tida i Sarande vart brukt både til kulturelle utflukter og til late timar på stranda.

Ein halvtimes køyring frå byen ligg ruinane etter byen Butrint. Her finst ruinar frå ein periode som strekkjer seg over 2500 år med restar etter affiteater, bibliotek, fleire kyrkjebygningar, romerske bad og andre bygningar. Også denne byen låg oppetter ein ås med kraftige bymurar rundt. Bymurane rundt Butrint vart bygde på 300-talet før Kr. Byen vart erobra av romerane under Julius Cæsar. Det bysantiske riket tilførte byen rikdom og det budde rundt 10000 menneske her. I 1081 brukte normannarane Butrint som base då dei bygde opp ein stor flåte for å erobra Konstantinopel. I løpet av middelalderen danna det seg myr i området og Butrint vart fråflytta. På starten av 1800-talet var det berre ein liten fiskarlandsby att her. Den historiske byen var oppdaga på nytt i 1928, og etter andre verdskrigen starta utgravinga. Etter ein stans var utgravinga starta opp att på 1990-talet. I 1992 kom Butrint med på verdsarvlista. Under dei urolege tidene på slutten av 1990-talet vart museet i byen plyndra, og mange skattar forsvann. 

Vi tok også ein  tur til Syr i Kalter eller Det blå auga på norsk. Dette er eit naturfenomen der ei 50 m djup vasskjelde bobla opp 18 liter vatn pr. sekund. Området var besøkt av svært mange turistar, noko det slett ikkje var bygd ut for å ta imot. Smale, svingete grusvegar og på ingen måte nok parkeringsplassar til alle bilane. Vatnet heldt ein temperatur på 10 grader, men mange stupte ut i kjelda frå ein utkikksplass. Andre var meir forsiktige og vassa til knes i det kalde vatnet. Ein flott plass, men det var vel einaste plassen du opplevde eit altfor stort turisttrykk, og det var eit godt døme på at Albania på ingen måte er klar til å ta imot ein aukande turiststraum.

Ein kveld reiste vi opp til ei høgde over Sarande for eta middag utanom hotellet. Er ein sprek nok, er det mogeleg å gå opp til Lekuresi-borga som ligg på denne toppen. Dette er ein utandørs restaurant, og her var dei nok vane med mange gjester, så det var ingen problem med serveringa.

På vegen til Syr i Kalter passerte vi ein stor leir for romfolket. Ute på ei slette hadde dei slege seg til på ein plass som likna mest på ei søppelfylling. Men det var nok dei sjølve som stod for mesteparten av forsøplinga.

Søppel, først og fremst ulike former for plast, flaut overalt særleg langs vegane i Albania. Det var ikkje det at dei mangla søppelkonteinarar, men dei aller fleste berre kasta frå seg søppel. Akkurat i sentrum av Serande var det brukbart reint, men lenge før du kom ut av byen og langs heile vegen på begge sider, låg det bos. Faktisk var det slik over fjellet mot Girokaster også. Det måtte bety at folk kasta søppel ut vindaugo på bilane. Dette er ein av faktorane som kan hindra ei vidare utvikling som turistland.

Ein annan ting som viser at dette er eit nytt turistland, er den gode opplevinga av  at strendene var tomme for pågåande seljarar som vi ser så utruleg mange av på sydenstrendene. Her var ingen som tilbaud massasje, og ingen som ville selja frukt. Heller ikkje på strandpromenaden var det mange seljarar. Men dei kjem nok.

Strandpromenaden baud elles på noko av det meste triste vi opplevde på turen. Fleire plassar låg små born midt på promenaden som tiggarar. Dei sa ingen ting, dei berre sat eller

låg der medan folk trakka rundt dei. Dei var der til langt på natt, og mange av dei sov med tiggarskåla ved sida. Desse borna kunne vera frå 3–4 til 8–9 år gamle. Om du såg etter, kunne du finna ei mor som på god avstand heldt auga med borna. Ein tidleg føremiddag gjekk eg forbi ei bestemor som låg og sov på promenaden medan 4-åringen sat ved sida hennar med tiggarskåla.

Alt tyder på at dette var romfolk som trekte inn til byen for å skaffa seg nokre kroner.  På ei av utfluktene fekk eg også nærkontakt med tiggande romfolk. Ei ung mor med tre-åringen på armen stilte seg opp rett framføre meg der eg sat på ein mur. Ho sa ingen ting, men ut frå tydelege fakter hadde eg ingen problem med å forstå at ho ville ha pengar til mat til seg og barnet. Eg hadde shorts og T-skjorte på meg og ingen pengar akkurat då. Men sjølv om eg vrengde lommene mine for å visa at eg ikkje hadde pengar, gav ho seg ikkje. Eg måtte nesten flytta på henne for å koma derifrå. Men ein kan lura på om det ville vera til gode for henne eller barnet å gje henne pengar. Slik openlys tigging vil nok heller ikkje vera eit aktivum for turistnæringa i Albania.

I reklamen frå ulike reiseselskap vert det sagt at det er mogeleg å betala med kort i Albania. Det såg ikkje ut til å stemma særleg godt. Dei aller fleste butikkar og restaurantar ville ha kontantar. I Sarande var det relativt lett å finna minibankar slik at ein kunne skaffa seg nokre tusen LEK, og det tok ei stund å venja seg til at ein tusenlapp i Albania ikkje var det same som ein tusenlapp i Noreg.

Etter 4 netter i Sarande køyrde vi nordover mot Tirana.  Ved å ta ein hovudveg lengre inne i landet enn den vi brukte sørover, kom vi også innom Girokaster, ein annan verdsarv-by i Albania.

Dei mørke taka og dei naturfarga murveggene i denne byen går nesten i eitt med fjellet bak. To av dei mest kjende personane i Albania kom frå Gjirokastra, forfattaren Ismail Kadere og diktatoren Enver Hoxha. Det var ingen teikn på at Gjirokastra heidra Hoxha, naturleg nok, men vi såg heller ingen statue av  Kadere. Men det er kanskje for tidleg sidan han lever enno.  Ismail Kadere, som har skrive eit 50-tals bøker,  bur i dag i Paris. Mykje av hans forfattarskap er frå kommunisttida, og det er ulike meiningar om kor vidt han tok klar avstand frå regimet eller ikkje. Det var mykje biltrafikk inne i gamlebyen i Gjirokastra, mange av turistane tok drosje oppover mot borga på toppen. Borga var eit krigsmuseum der mykje eldre, men også nyare rullande krigsutstyr var stilt ut. Her var mange små utandørs serveringsstader der du nærast sat på fortauet for å nyta ei øl. Korça og Tirana var begge gode ølsortar.

Det var eit tydeleg trekk som vi ikkje kunne unngå å leggja merke til på reisa vår frå sør-områda og nordover mot Tirana. I dei sørlegaste områda var det mykje unytta jord, og vi såg ikkje ei einaste landbruksmaskin. Vi såg mange gjetarar som passa på saueflokkane sine, ikkje for å vera dei mot rovdyr, men heller mot sauetjuvar. Dessutan hadde nok gjetaren til oppgåve å halda dyra innanfor det som var saueeigaren sitt beiteområde. Vi møtte fleire vogner med esel eller muldyr som trekkdyr på motorvegen- nokre gonger mot køyreretninga. Jordbruket her var tydeleg arbeidsintensivt og svært lite effektivt. Liene var fulle av oliventre. Etter kvart som vi kom lengre nordover dukka det opp ein og annan traktor, og vi passerte jorder som var maskinpløgde. Men først då vi nærma oss Tirana, såg vi forretningar som forhandla landbruksreiskap for maskinell drift.

Det vert fortalt at politiet kjempar for å knekka organisert kriminalitet som det har vore mykje av i Albania. I området rundt Gjirokastra var det mindre byar der levevegen var narkotikahandel. Og vi passert mange godt væpna politikontrollar der målet med kontrollane ikkje var å ta trafikksyndarar, men å stansa narkotikatrafikken.

På vegen mot Tirana stansa vi for lunch på ei stor vegkro der dei tydelegvis var vel vane med mange gjester som skulle serverast. Det var eit rimeleg ope kjøken der vi frå disken kunne sjå innover alle grytene med ulike rettar og peika på det vi ville ha. Og like bak grytene stod slaktaren og parterte ein lammeskrott med øks på ein god, gammal hoggestabbe. Kanskje ikkje det mest hygieniske kjøkenet eg har sett, men maten var god, og så vidt eg veit var det ingen i gruppa som fekk magetrøbbel.

I Tirana budde vi på Hotel Tirana International. Eit gammalmodig hotell midt i sentrum av hovudstaden, som i kommunisttida berre var ope for eliten. Hotellet ligg ved den store,  opne Skanderbegplassen som tydelegvis var ein samlingsplass særleg på kveldstid. Her var det fint med ein roleg spasertur også for nordmenn. Rundt plassen var fleire regjeringsbygg, historisk museum, operabygget og fleire større og mindre parkar. Med ein litt lengre spasertur kom vi til ein imponerande stort marknad.

Like i utkanten av Skanderbegplassen var det mogeleg å gå ned i underjordisk museum, dei tidlegare lokala til det hemmelege politiet. I utgangspunktet vart bunkersen bygd for å kunna verna Hoxha og han næraste medarbeidarar ved eit eventuelt atomåtak. Men Hoxha døydde før bygget var ferdig. BunkArt som museet heiter, er opna for albanarar og utanlandske turistar dei siste par åra. Her var svært god informasjon med oppslag, utstillingar og filminnslag i alle dei 24  romma. Og i fleire rom, mellom anna på øverstkommanderande sitt kontor og soverom, i møterommet, i fengselscellene og andre stod det originale møblementet att. Her surra og gjekk filmsnuttar frå oppstanden på Skanderbegplassen i 1991 då folkemengda reiv ned statuen av Hoxha. Eg kan ikkje minnast at mykje av dette vart presentert i norske media, men det kan skuldast kanskje manglande interesse frå mi side. På veggene hang informasjon om det strenge vakthaldet ved grensene, og talet på kor mange som vart drepne i forsøk på å kryssa grensa ulovleg. Den siste som prøvde på dette, vart skoten så seint som først på 1990-talet.

Hotellet i Tirana var det lite å utsetja på , men vi opplevde ein episode under middagen ein kveld, som vart pinleg for hotellet, og som viser at dei også her har ein veg å gå. Etter middag skulle det gjerast opp ved bordet, sjølvsagt i kontantar. Vi sat 10 personar ved eit rundbord og hadde hatt den vanlege trerettars middagen som var inkludert i reisekostnaden. Men då vi skulle gjera opp for drikkevarene, gjekk det i surr for servitøren. Han fekk ikkje talet på vinglas til å gå opp med det han meinte å ha servert ved bordet. Han talde og rekna på både raudvin og kvitvin, og trass i at det ikkje var så vanskeleg å sjå kor mange glas det hadde vore raudvin i, så vart han ikkje fornøgd. For dette stemde ikkje med det han hadde notert på blokka si. Han tok fleire rundar rundt bordet vårt, og vi prøvde å hjelpa han å telja. Men det nytta ikkje, så han henta reknemaskina, plassert den på bordet og tasta inn summane. Problemet hans var truleg at han hadde levert eitt av glasa han kom inn med, til eit av dei andre borda. Reknestykket gjekk aldri opp, og enden på visa var at hovmeisteren skjelte han huda full for open scene. Eg veit ikkje om han hadde arbeid dagen etter.

Vi møtte tre unge studentar på Skanderbegplassen ein kveld. Dei studerte arkitektur og jordbruk, men ingen av dei såg for seg at dei skulle arbeida i Albania etter at studiane var ferdige. Dei fortalde at det var 11 universitet i byen, og utan at dei gjekk nærare inn på det, må vi rekna med at fleire av desse var små private universitet. Alle tre snakka svært godt engelsk, og hadde tilsynelatande ikkje noko imot å snakka med eit middelaldrande norsk ektepar. Dette var enno i ferietida for skuleverket i Albania, studietida starta først opp att midt i september. Men sjølv arkitektstudentane visste lite om den halvferdige høgblokka som stod like bak oss. Dei rekna med at det var ein eller annan utbyggjar som hadde gått tom for kapital, og bygget hadde stått slik i fleire år.

Kruja er også ein svært gammal by som ligg 40 min med bil nordover frå Tirana. Dette er Skanderbeg sin fødeby. Men denne byen har mykje ny utbygging tett inntil gamlebyen. Elles er Kruja bygd etter same mønster som dei andre historiske byane vi besøkte, med bustadhus rundt ein ås med ei borg eller festning på toppen.

Om lag 70% av areal i Albania ligg meir enn 300 meter over havet. Det høgaste fjellet er Korab, 2764 meter over havet. Albania har ei om lag 400 km lang strandlinje langs Adriaterhavet . Det bur i overkant av 3 millionar menneske i Albania i dag.

Reiseoperatøren som postpensjonistane i Sunnhordland og på Haugalandet har nytta i svært mange år,  Turop Norge AS ved Stig Bohne, hadde nok ein gong langt opp ein framifrå flott tur. Dette var fjerde turen vår med denne gruppa, og også denne gongen var det svært interessant samstundes som det var tid for avslapping mellom slaga.

  

 

 

 

 

 

 

21. sep, 2016

Ein rundtur gjennom 5 nordlege regionar i Italia får meg til å tenkja at vi skulle hatt fleire bedehus på Vestlandet. Den sørvestlege kyststripa i Noge  er kjent som bedehuslandet, men vi kjem sørgjeleg til kort mot Italia når det gjeld mengda av gudshus. For makan til den mengda som regionane Lombardia, Liguria, Toscane, Emilia-Romagna og Veneto kan skilta med, har eg ikkje sett i noko anna område - verken i protestantiske  eller i katolske land. I Kvinnherad og på resten av Vestlandet var folk nøgde om dei klarte å reisa eit bedehus i kvar bygd utover på tidleg 1900-tal. I dag står mange av dei meir eller mindre ubrukte. Men vi skulle likevel hatt fleire hus for å konkurrera mot italienarane. Særleg var det imponerande å køyra over fjellet frå Scio til Riva del Garda. I desse område ligg "landsbyane" tett nærast på kvar ein haug. Og haugar er det mange av her. Og samtlege små husklyngjer - same kor små dei var - hadde si eiga kyrkje som sjølvsagt var dominerande i "landsbyen."  Den minste busetninga eg fekk auga på, hadde omlag 10 hus.  Om vi overfører dette til ei kvinnhersk bygd som Uskedal, så skulle det vore minst 8, kanskje 9 bedehus i denne bygda. Nordfrå skulle sjølvsagt Ljosnes hatt sitt eige bedehus, det same måtte Rød hatt. Bedehuset som alt er i Uskedal, kunne kanskje dekka den sentrale delen av bygda, sjølv om Dønhaug nok ville hatt sitt eige. Vidare oppover i dalen måtte det vore bedehus på Haugland, og på Musland. Elva har alltid delt bygda, så det måtte vel vore eit hus på Nedre Fet der kanskje folket på Døssland kunne gå. Sørover i bygda ville det vore trong for to bedehus, eitt på Eik og eitt på Steinsletto. No har det vore litt religiøs uro  i bygda siste månadene, og truleg hadde denne mengda av bedehus gjort det rolegare etter  Sponheim-prinsippet om "Kvar mann si høna"

2. sep, 2014

Finland er ein ung sjølvstendig stat. Når vi nordmenn snakkar om "firehundreårsnatta" under danskane, kan finnane slå i bordet med ei natt som var sju hundre år lang, og det i tillegg i seng med svenskane. Deretter hamna finnane under russisk tsarstyre, og mange vil truleg hevda at finnane er overstyrte av russarane framleis. Men på 1800-talet kjempa finnane mot russisk dominans, og hatet mot russerstyret vart ekstra stort rundt hundreårsskiftet 18-1900. Den russiske generalguvernøren Nikolai Bobrikov fekk i 1898 jobben med å slå ned den finske separatistrørsla, og han tok målmedvite tak i oppgåva med mange "gode" tiltak: Russisk i skulen, pressesensur og oppløysing av den finske hæren. Det vert bråk av slikt. Eugen Schauman, ein finsk adelsmann, student og aktivist, tok saka i eigne hender og ville ta livet av Bobrikov. Bobrikov gjekk kvar dag over plassen nedanfor domkyrkja (foto) til senatsbygnigen der han frå kontoret sitt gav ordre til nye russifiseringstiltak. 16.juni 1904 ville Scauman setja ein endeleg stoppar for dette. Han venta på Bobrikov utanfor kontoret hans (kor var vakta?), og fyrte av eit pistolskot mot generalguvernøren då han dukka opp. Men diverre for Schauman var det ein ynkeleg pistol han hadde skaffa seg. Krutladninga var så svak, at då kula traff ein av Bobrikov sine medaljar, gjekk den ikkje gjennom. Men Schauman gav ikkje opp. Neste skot traff ein knapp i Bobrikov si uniformsjakke, og resultatet var like dårleg sett med Schaumann sine augo. Ved det tredje forsøket traff kula beltespenna til Bobrikov, og no seig han iallefall saman - men han var framleis i live. (kor var livvaktene?) Då Schauman ikkje lukkast, ville han ta sitt eige liv - men med nervene i heilspenn  bomma han med første skotet. Endeleg, med det andre skotet han retta mot sitt eige hovud, hadde han suksess, og han døydde momentant. Det han diverre ikkje fekk oppleva, var at Bobrikov døydde nokre dagar seinare fordi det viste seg at nokre splintar frå beltespenna hadde gått inn i magen hans. Russifiseringa stansa nok ikkje med dette attentatet, men gav Scauman status som nasjonalhelt post mortem. Moral: Syt for at du har kraftige nok patroner no når hjortejakta er starta.

30. aug, 2014

Ferieturen i haust gjekk til Helsingfors og St. Petersburg. Det er kanskje ikkje heilt stovereint å støtta opp under russisk turisme i desse tider, men når norske fiskeeksportørar kan selja fisk via Island, så kan eg vera turist via Finland. På den måten snik vi oss unna boikotten. St. Petersburg er noko heilt for seg sjølv. Naturlegvis er det svært langt frå gjennomsnittsrussland, men likevel ei lærerik oppleving. Den enorme samlinga av rikdom i form av eit utal katedralar og palass som er fullstappa med gull og kunstskattar, gjer at det er lett å forstå at tsarvelde måtte få ein brå og brutal slutt. Når kvar enda tsar anten han heitte Peter, Aleksander eller Nikolai, eller for den skuld Katarina, skulle ha sitt eige palass - eitt for sommar og eit anna for vinter- og kvart bygg skulle vera meir storslått enn det forrige, var det sjølvsagt ikkje nok å suga margen ut av sitt eige folk, då måtte heile Europa bidra. At Nikolai II avslutta tsarstyret med å verta brutalt drepen saman med kona og borna er det ingen som kan forsvara, heller ikkje russarane ser positivt på dette i dag. Men det er ufatteleg at dette vanvitet kunne halda fram like til 1917. Fotografiet viser Blodskatedralen som vart reist til minne om mordet på tsar Aleksander II i 1891. Om ein ser bort frå galskapen i denne maktkonsentrasjonen som rikdomen representerer, er St. Petersburg ein flott by for turistar. Ein kan undra seg over at det let seg gjera å byggja denne byen i sumpområda langs elva, Neva frå tidleg 1700-tal, men det er kanskje like imponerande at det let seg gjera å byggja oppatt alt dette etter øydeleggingnane under andre verdskrigen. Under Sovjet-tida vart nok ikkje alle desse bygningane like høgt verdsett- Blodskyrkja var til dømes lager like til 1991. Restaureringa av denne og mange andre bygningar pågår enno.

9. jul, 2014

Selfie

Dei siste 14 dagane har eg vore på ikkje mindre enn to konsertar. No kan det nok diskuterast om ein av dei kan kallast konsert. Det Ausekarane presenterer er som dei sjølve seier, meir eit haraball. Under ferjedekket kan du ikkje stilla for store krav, her må du prøva å setja deg i den rette stemninga og berre la deg riva med av galskapen. Du veit jo kva du går til, så då må ein akseptera øltrafikken mellom benkeradene.

Den andre konserten var i Borggarden med Bjørn Eidsvåg. No har dei fått alkoholservering til desse arrangementa også, utan at det generte noko. Eg har alltid hatt stor sans for Bjørn Eidsvåg, både dei mange fengjande melodiane og alle dei gode tekstane. Som han sjølv fleipar med; når han ikkje kan spela på utsjånaden sin, må han leggja desto meir arbeid i tekstane. Det var ikkje uventa eit godt vakse publikum på Eidsvåg-konserten, og svært mange av desse hadde sine nye smarttelefonar med. Når du brukar 3-400 kr på konsertbilletten, skulle ein kanskje tru at ein var mindre oppteken av smarttelefonen under konserten for å få med seg det som vart formidla. At dei vil bruka dei gode kamera som er på desse telefonane til å ta bilete av artistane kan ein likevel forstå, og i dag er det heller ingen som snakkar om fotoforbod på konsertane. Det ville vore heilt nyttelaust. Men når svært mange er mest opptekne av å ta bilete av seg sjølve og sine veninner ( det var klar overvekt av damer på konserten) for i neste augneblink å leggja det ut på ei eller annan nettside, då er det grunn til å lura. Kor mange foto dei tok av seg sjølve dei som sat på dei to-tre radene framføre meg, veit eg ikkje, men det er utruleg respektlaust både mot artisten og mot andre  publikum.