9. mai, 2014

Det var den sommaren!

Jo eldre eg vert, desto meir glad vert eg i sommaren. Det kan ha ein samanheng med at sommarmånadene i barndommen står for meg som ein einaste lang slått. Slåtten starta når skulen slutta, og slutta når skulen tok til att. I vaksen alder dreiv eg sjølv småbruket, og i løpet av ein lang lærarferie (Ja, ja- eg veit det heiter avspasering.) skulle alt arbeidet som var forsømt på bruket sidan sist sommarferie, gjerast. Men no, i godt vaksen alder, utan ansvar for verken jord eller dyr, er store delar av året ein einaste lang sommarferie.

Men no trugar mørke skyer. Det er klåre og tvillause teikn på at vi hadde sommaren 2014 nokre dagar i april.  Askane står like bladlause som dei har gjort sidan siste hauststormen, medan eika viftar med grøne blad. I full tiltru til gamle verteikn, bur eg meg difor på ein regntung sommar. "Eik føre ask, gjer plask"