19. mai, 2014

Ikkje noko pliktlaup.

Nasjonaldagen vår er ein fin dag. I år var det ekstra stas i og med at grunnlovsjubileet sette ein  spiss på markeringa - sjølv om akkurat det truleg ikkje merkast så mykje i småbygdene på Vestlandet. Når vi i tillegg vart velsigna med strålande vårver, vert det sanning i strofa "...kan ein ingen stad venare sjå." Som mange 17. mai-talarar gjer eit poeng utav, så var vi heldige med at mennene på Eidsvoll gjorde seg ferdige i mai og ikkje i november. Du skal vera temmeleg hardhuda for ikkje å synast at det er vakkert med det norske flagget mot ein bakgrunn av irrgrøn bjørkeskog og snøkledde fjelltoppar. Eg synest markeringa i mi vesle heimbygd var svært vellukka i år - den beste på lang tid. Mange år har eg har gått heim med ei kjensle av at både eg og fleire av aktørane har vore gjennom eit pliktlaup. Slik var det ikkje i år. Nemnda hadde lagt opp til mange gode innslag der ikkje minst ungane imponerte. Det gjer inntrykk når eit kor av alle skuleborna i bygda klemmer i veg med mange av dei mest kjente songane våre. Kanskje ikkje strålande songmessig, men med glød og innleving og av full hals. Øysten Skjæveland sin tale fekk folk til å høyra etter. Her var dei obligatoriske formuleringane på ein slik dag kombinerte med dagsaktuelle tema som lokal integrering, målsak og bønder i levande bygder. Det kan tenkjast at eg var komen i ekstra godlune av programmet, for då andakten vart framført uvanleg seint på dag, høyrde eg etter også den, og eg let meg imponera av dei to unge kvinnene som hadde den til vanleg utakknemlege oppgåva å halda andakt på nasjonaldagen. Eg trur at mykje av forklaringa til denne vellukka feiringa ligg i at det er mange unge foreldre som kjenner ansvar, stiller opp og tek eit tak for bygda både når det er 17. mai og ved andre høve.