1. jun, 2014

Skoen var brun - ikkje grøn, og han var flettande ny

Eg har i eit tidlegare blogginnlegg uttrykt velleta over markeringa av nasjonaldagen i heimbygda mi i år. Den var etter mi vurdering uvanleg vellukka. Feiringa av grunnlovsdagen har sjølvsagt verdi i seg sjølv, men ofte har desse bygdevise samlingane positive sideeffektar som ikkje har så mykje med 17. mai å gjera. Bakgrunnen er sjølvsagt at her kan ein møta folk ein sjeldan ser og  pratar med. Det kan vera bygdefolk vi ikkje har kryssande vegar med verken i det daglege arbeidslivet eller på fritid, eller det kan vera fråflytta bygdefolk som ein meir eller mindre har mista kontakten med. Eg møtte representantar for begge desse gruppene i år. Særleg den fråflytte gav meg sjansen til ei oppklaring på noko eg har fundert hardt på det siste halvåret. Eigentleg er dette ei svært alvorleg historie som lett kunne enda i ein tragedie. Men tilsynelatande gjekk det bra, i alle fall om vi overser mogeleg psykiske lidingar i ettertid. Og trass i den alvorlege undertonen så er historia alt for god til å gå i gløymeboka. I oppveksten hadde eg fleire jamgamle nabojenter på begge sider Oppibygdo, og den eine av desse hadde eg tettare kontakt med enn dei andre både medan vi var småungar og også oppover i ungdomstida. Det var aldri snakk om kjærasteri, vi var berre leikekameratar og gode vener. Det var kanskje ikkje så lett å oppfatta for alle - då vi begge var i realskulealder, gjorde mor til jenta seg  ofte ærend innom rommet hennar når vi var der.  På 17. mai minna ho meg på at ho alltid måtte følgja meg heim på kvelden fordi eg var så mørkredd. Men sympatisk no let ho som om ho var mørkredd då vi vart litt eldre - så dermed vart rollane ombytte. Dette kan jo minna om ein liten flørt, og det var nok det som låg bak den dramatiske historia om skoen hennar som ho no altså kunne fortelja var brun - og ikkje grøn, og skoparet var nykjøpt dagen før. Dette er eigentleg ei trekanthistorie der det gjekk hardt ut over tredjemann. Hendinga føregjekk ein av dei siste skuledagane mine i 7. klasse på Bringedalsbygda skule i 1963. Nabojenta gjekk då i 6. klasse. Her i bloggen er det berre slutten som vert fortalt i ultra kortversjon.  Alle overlevde. Den nye skoen vart kasta og aldri meir brukt. Detaljane kjem seinare.