9. jul, 2014

Tekst

Selfie

Dei siste 14 dagane har eg vore på ikkje mindre enn to konsertar. No kan det nok diskuterast om ein av dei kan kallast konsert. Det Ausekarane presenterer er som dei sjølve seier, meir eit haraball. Under ferjedekket kan du ikkje stilla for store krav, her må du prøva å setja deg i den rette stemninga og berre la deg riva med av galskapen. Du veit jo kva du går til, så då må ein akseptera øltrafikken mellom benkeradene.

Den andre konserten var i Borggarden med Bjørn Eidsvåg. No har dei fått alkoholservering til desse arrangementa også, utan at det generte noko. Eg har alltid hatt stor sans for Bjørn Eidsvåg, både dei mange fengjande melodiane og alle dei gode tekstane. Som han sjølv fleipar med; når han ikkje kan spela på utsjånaden sin, må han leggja desto meir arbeid i tekstane. Det var ikkje uventa eit godt vakse publikum på Eidsvåg-konserten, og svært mange av desse hadde sine nye smarttelefonar med. Når du brukar 3-400 kr på konsertbilletten, skulle ein kanskje tru at ein var mindre oppteken av smarttelefonen under konserten for å få med seg det som vart formidla. At dei vil bruka dei gode kamera som er på desse telefonane til å ta bilete av artistane kan ein likevel forstå, og i dag er det heller ingen som snakkar om fotoforbod på konsertane. Det ville vore heilt nyttelaust. Men når svært mange er mest opptekne av å ta bilete av seg sjølve og sine veninner ( det var klar overvekt av damer på konserten) for i neste augneblink å leggja det ut på ei eller annan nettside, då er det grunn til å lura. Kor mange foto dei tok av seg sjølve dei som sat på dei to-tre radene framføre meg, veit eg ikkje, men det er utruleg respektlaust både mot artisten og mot andre  publikum.