30. aug, 2014

Vanvitig samling av gods og gull

Ferieturen i haust gjekk til Helsingfors og St. Petersburg. Det er kanskje ikkje heilt stovereint å støtta opp under russisk turisme i desse tider, men når norske fiskeeksportørar kan selja fisk via Island, så kan eg vera turist via Finland. På den måten snik vi oss unna boikotten. St. Petersburg er noko heilt for seg sjølv. Naturlegvis er det svært langt frå gjennomsnittsrussland, men likevel ei lærerik oppleving. Den enorme samlinga av rikdom i form av eit utal katedralar og palass som er fullstappa med gull og kunstskattar, gjer at det er lett å forstå at tsarvelde måtte få ein brå og brutal slutt. Når kvar enda tsar anten han heitte Peter, Aleksander eller Nikolai, eller for den skuld Katarina, skulle ha sitt eige palass - eitt for sommar og eit anna for vinter- og kvart bygg skulle vera meir storslått enn det forrige, var det sjølvsagt ikkje nok å suga margen ut av sitt eige folk, då måtte heile Europa bidra. At Nikolai II avslutta tsarstyret med å verta brutalt drepen saman med kona og borna er det ingen som kan forsvara, heller ikkje russarane ser positivt på dette i dag. Men det er ufatteleg at dette vanvitet kunne halda fram like til 1917. Fotografiet viser Blodskatedralen som vart reist til minne om mordet på tsar Aleksander II i 1891. Om ein ser bort frå galskapen i denne maktkonsentrasjonen som rikdomen representerer, er St. Petersburg ein flott by for turistar. Ein kan undra seg over at det let seg gjera å byggja denne byen i sumpområda langs elva, Neva frå tidleg 1700-tal, men det er kanskje like imponerande at det let seg gjera å byggja oppatt alt dette etter øydeleggingnane under andre verdskrigen. Under Sovjet-tida vart nok ikkje alle desse bygningane like høgt verdsett- Blodskyrkja var til dømes lager like til 1991. Restaureringa av denne og mange andre bygningar pågår enno.