14. mai, 2019

Turmarsj mot vindkraft

På Husnes samla det seg 150-200 vindkraftmotstandarar som marsjerte mot Bremstøl og Mjelkhaug for å visa at dette området ønskjer ein ikkje kledd med vindmøller. 

Det var sikker nokre uskedelingar med på denne protestmarsjen, men i følgje Uskedal utvikling si nettside er det fjelltoppane på begge sider av Eikedalen dei er mest uroa for. Og heile dette fjellområdet  med mellom anna Gråfjell og Manen er innafor det som er blitt definert som aktuelt områdde for vindkraft. Vi som bur i Herøysund vil jo hevda at både Gråfjell og Manen er fjell som ligg over vår bygd, og at dette er "våre" fjell, men for all det, det er fint om uskedelingane også vil ta vare på desse.

Men på protestmarsjen sist sundag mot vindkraft nettopp på desse fjella, såg vi ingen uskedelingar. Rette nok var protestmarsjen dårleg annonsert, faktisk ikkje annonsert i det heile på førehand. Dermed vart det ein einsam protestmarsj, men den har fått overveldande støtte i etterkant.