"Frå Bringedalsbygda til Herøysund". Etterarbeid

I arbeidet med ei bok om lokalhistorie må det heile tida gjerast val. Det kan resultera i at viktig og interessant stoff ikkje kjem med. Det er jo grenser for kor tjukk ei bok bør vera.  Dessutan vil det vera slik at eit bokarbeid må avsluttast på eit eller anna tidspunkt. Det er freistande å "fila og gnura" både på formuleringar, rettskriving og redigering av stoffet, og ein forfattar vert truleg aldri heilt nøgd. Men ein  må berre setja strek. Det kan vera stoff som ein gjerne skulle gått djupare inn i og undersøkt meir, men det ikkje vert tid til alt. Og når boka vel er komen ut, kan dukka opp nye opplysningar på bakgrunn av det som er skrive. Og så kan det vera opplysningar i ei bok som ein i ettertid ser må korrigerast fordi det kan vera direkte feil eller det kan vera upresise påstandar.

Illustrasjonar er viktig i ei bok, og mange fotografi skulle helst dekka ei heil bokside, men plassomsyn gjer at mange vert i minste laget. Men på nettsida er det god plass slik at ein kan sjå mange av illustrasjonane i eit større format. (Tips: auka skjermbiletet til 175- 200%)

Alt dette gjer at eg synest det er både naturleg og naudsynt å gjera eit visst etterarbeid med boka som vart lansert i Grendahuset i desember 2018. Dette etterarbeidet vert ikkje publisert i bokform. Illustrasjonane ligg som eigne sider under Bok 2018, og korrigeringar og nytt stoff vert å finna under Etterarbeid. 

 

Dronefoto frå august 2018 av midtre området av Bringedalsbygda. Foto: Eirik Nødset Bringedal

Dronefoto av dei sørvestlege småbruka i Helvik. August 2018. Foto: Eirik Nødset Bringedal

Overskrift

Jeg er en paragraf. Klikk her for å legge til din egen tekst og endre på meg. Jeg er en god plass der du kan fortelle din historie og la dine besøkende vite litt mer om deg.