Bringedalsbygda frå Lio til Raudstein.

Dei fem gardsbruka i Bringedalsbygda som alle strekte seg frå fjorden mot fjellet. Berget, som vart det sjette gardsbruket, vart delt frå Bringedal som eige gardsbruk i 1824.

Herøysundet, sundet mellom Herøyo og fastlandet, som etterkvart har gjeve bygda namnet Herøysund.

Fastlandssida ved Herøysundet i 1904. Posthuset med telegrafstasjon og bustadhus for Gjert Helvik sin familie midt i biletet. Til høgre handelsbua hans, og lengst til høgre den nye smørfabrikken. Gjert Helvik sette også tidleg opp det vesle bustadhuset bak handelsbua. Dette vart seinare bustad for sonen, Helge Helvik, og kona hans Konstanse. Til venstre for postkontoret ligg ei sjøbu som opphaveleg høyrde til eitt av bruka i Bringedal, og bak den ser vi huset til landhandlar Haktor Sørensen der svigersonen, Jens Hjelmeland, etablerte seg med handel og treskjerarforretning. Lengst til venstre ser vi forretningsbygget til Andrea og Andreas Bringedal med bustad og pensjonat i etasjane over. I bakgrunnen er huset som Ole Olson Onarheim bygde i Skjøndal, under oppføring.

Innmarka på Tveit vart delt i to bruk i 1842. Nokre år seinare delte dei to bruka også husmannsplassen Kro mellom seg i to like delar.

Helvik som fram til 1710 hadde vore ein stor gard, vart dette året delt i to bruk. Desse to bruka var drivne fram til midt på 1800-talet då amerikareiser gjorde at begge dei to bruka vart delte opp i fleire mindre bruk.

Klyngjetunet i Bringedal slik det såg ut i 1874. Bygningane på det som vart bnr. 1 og 4 står til høgre for sjøssvegen, og bygningane på bnr. 2 til venstre. Gardbrukaren på bnr 2 var i ferd med å flytta bygningane sine ut av klyngjetunet. I høgre hjørnet på kartet ser vi det kombinerte bustadhuset og fjøset på husmannsplassen Perahaugen.

Mange av Helvik-bruka har naust, sjøhus og opptrekksplassar i eit samla område like vest for utløpet av Helvikelvo.

Steinastykket - ein av fleire husmannsplassar under Helvik

Ein annan husmannsplass under Helvik var Kyrkjevollsbrotet som ligg ned mot stranda mellom Postvegen og Tveitelvo. Denne plassen har i nyare tid ganske misvisande vorte kalla Gamla-Kro

Spannsteigen var husmannsplass under bnr. 1 i Helvik. Her står berre murane etter bustadhuset og husdyrbygning att.

Under Raudstein var det mange husmannsplassar. Dette er innmarka på Kolasletto.

Løvik var ein av dei største husmannsplassane under Raudstein.

Slik såg "sentrum" for Helvik-garden ut i 1960-åra. Det gamle klyngjetunet låg midt i biletet, men etterkvart som garden vart delt opp, vart husa flytta ut og nye tun var skapte. Her ser vi tuna til bnr. 1, 2, 3 og 7, 4, og 5.

Raudstein og den tidlegare husmannsplassen Øspeli i 1966 før fylkesvegen vart flytta nærare fjorden.