Amtsingeniøren teikna denne skissa då det skulle lagast snuplass ved enden av den nye vegen som var bygd like ned til Hamno i 1899. Frå høgre ser vi handelsbua til Gjert Helvik, deretter postkontoret med telegrafstasjonen og bustad for Gjert Helvik sin familie. På kaikanten står ei eldre sjøbu som høyrde til bnr. 4 i Bringedal. Haktor Sørensen bygsla denne sjøbua, og i bakkant låg handelsbua og bustadhuset hans. På dette tidspunktet var ikkje smørfabrikken sett opp, men det kan sjå ut som Gjert Helvik sitt vesle bustadhus i alle fall var planlagt sidan vegen opp er vist på denne skissa.

På Herøyo, tvers over sundet for Gjert Helvik sin handelsplass, låg handelsplassen til Knut Wilhelm Meidell. På teikninga er vi på baksida av hovudhuset og ser mot landsida. Nærast står eit uthus, til venstre tingstova, deretter hovudhuset og bakeriet, og lengst bak ser vi sjøhuset og taket på naustet. Hovudhuset, tingstova og bakeriet brann ned i 1924.

Desse to fotografia viser hamneområdet rundt 1910 øverst og om lag 1920 nederst. På det øverste biletet står enno den gamle handelsbua til Gjert Helvik, og hos Andrea og Andreas Bringedal er det berre sjøhuset på Hamnaneset som er kome opp. På fotografiet under er bakeriet med bustadhuset på Hamnaneset kome opp, og Gjert Helvik har saman med sonen bygd nytt forretningsbygg med plass til telegraf- og telefonstasjon. Vi ser også nybygg i Kro, i Helvik og i Skogen.

Fotografi frå Helvikhaugen om lag 1930. Her ser vi fem nybygg som vart sett opp på 1920-talet. Til venstre i stranda, Johannes Haugse sitt hus i Kro, i framkant Torstein Storaas sitt hus i Lunden som han på dette tidspunktet hadde måtta gå i frå, Til høgre Hans Bie sitt hus, deretter huset som Sivert og Margrethe Bergesen kjøpte i 1930, og bak der ser vi Gerhard Helvik sitt bustadhus. Legg også merke til det vesle huset i bakkant av Gerhard Helvik sitt hus. Her budde Brita Nedrevåge med dei to sønene sine, Kristoffer og Martin. På biletet ser vi også tydeleg Gjertamyro, gammal slåttemark som seinare vart idrettsplass. I nedre, høgre hjørna ser vi også korleis vegen ned mot Hamno gjekk før vegen mot Uskedal vart bygd.

Den første vindpila på Storhaug vart sett opp i 1920 etter mønster frå pila på Fløyen. Denne utgåva stod til 1927.

Andrea og Andreas Bringedal sine handelsbygg på Hamnaneset rundt 1930. På dette tidspunktet var det Clara Torkelsen som dreiv forretningen ved hjelp av mora, Andrea Bringedal. Frå venstre bakeri med bustad, sjøhuset og forretningsbygget med landhandel i kjellaretasjen, bustad i 1. etasje og pensjonat i toppetasjen. Ved kaien ligg Annanias Helvik si motorskøyte MS "Stella". I bakgrunnen ser vi bustadhuset i Skjøndal

Første verdskrigen gav gode inntekter til fleire av sjøfolka i Bringedalsbygda, og fleire investerte både i arbeidsplassar og nye, store hus. Det gjekk ikkje alltid like godt. På biletet ser vi DS "Heim", fiskebåten som ei investorgruppe gjennom AS Fiskeridrift satsa stort på rett etter krigen. Satsinga mislukkast, og dei investerte midlane og meir til gjekk tapt.