Torpedobåten "Stegg" som låg ved kai på Herøyo då tyske sjøstridskrefter gjekk til åtak natt til 20. april 1940. "Stegg" gjekk nøytralitetsvakt langs kysten før krigsutbrotet, og fartøyet vart stasjonert i Herøysund. "Stegg" hadde eit mannskap på 33, og alle kom seg i land før fartøyet gjekk ned like ved kaien. Okkupasjonsmakta henta vraket i 1942, og torpedobåten vart hoggen i 1949.
Torpedobåten "Sæl", her ved kai i Bergen saman med to andre i Storm-klassen. "Sæl" vart stasjonert i Uskedal, og då dei tyske marinefartøya kom inn fjorden 18. april 1940, vart "Sæl" sendt ut for å møta dei. Men "Sæl" var sjanselaus, og fartøyet vart køyrd på land på Ånuglo etter fleire tyske treff. Mannskapet berga seg i land på øya.
Vorpostenboot "Ratte" var den første som opna eld mot "Stegg". Men mannskapet på "Stegg" fekk inn eit treff på "Ratte" som vart liggjande med sterk slagside ved Trones. "Ratte" var eigentleg ein norsk kvalbåt som i 1939 vart leigd ut til marinen som vaktbåt. Under den tyske invasjonen tok tyskarane hand om den norske vaktbåten og gjorde den til ein del av Die Deutsche Kriegsmarine. Etter krigen vart fartøyet brukt som fiskebåten "Veslegut" like til 1968. I dag har verneinteresser i Gullesfjord i Kvæfjord i Troms hand om fartøyet.
Ein stor del av dei tidlegare husmannsplassane under Raudstein: Løvik, Bergendal, Grønevik og Stølen er i dag vorte eit stort bustadfelt. Til og med på den vesle husmannsplassen Siriplasset, eller Jensaplassen, er det kome eit nybygg. Berre Løvik lengst til venstre i biletet framstår som eit småbruk der ikkje noko areal er gått med til byggjeland.
Nyeste kommentarer