Korrigering til side 261

 

På side 261 i boka "Frå Bringedalsbygda til Herøysund " skriv eg om bustadbygginga på Raudstein i nyare tid. Her hevdar eg at Per og Gjertrud Raudstein ikkje bygde hus på tomta dei kjøpte på heimegarden tidleg på 1970-talet. Men dette er feil.

Per og Gjertrud Raudstein sette opp bustadhus på bnr. 48 på Raudstein i 1974/75. Her budde familien til huset vart skøytt over på sonen, Ronny, i 1997. Per og Gjertrud flytta då inn i bustadhuset på garden der dei framleis bur i 2018. Som det står i boka, fekk Linda Raudstein og Johannes Tofte skøyte på bnr 48 i 2002.

 

Flatebø-søstrene i Helvik

I "Frå Bringedalsbygda til Herøysund" er det fortalt om husmannen i Spannsteigen, Torbjørn Kristianson, som gifta seg til to småbruk i Helvik. Først fekk han ja på frieriet til Anna Olsdotter som eigde Åkeren, bnr. 12 i Helvik. Dette bruket var frådelt Øyjordo. Og då Anna døydde, gjekk Torbjørn i Åkeren som han vart kalla, på friarferd til nabokona Herborg Olsdotter, som eigde bnr. 11, Øyjordo, det vi i dag kallar Prestegård-stykket. Dermed sat den tidlegare husmannen, Torbjørn, med to småbruk. Men han fekk ikkje born, og det er no søstrene frå Flatebø i Nordrepollen kjem inn i biletet. Sommaren 1931 kjøpte Anna Knutsen  bnr. 12, Åkeren, og bnr. 22, Steinastykket. Anna hadde vore gift med Gotskalk Knutsen Sild. No var ho enkje. Anna var fødd i 1879 og var eldste dotter til Nils Johannesson og Kristi Flatebø  på gnr. 54 bnr. 2. i Nordrepollen. Då Torbjørn selde eigedomen, tok han unna burett for seg og kona så lenge dei levde. Det var nok difor Anna Knutsen bygde nytt hus på bruket. Det er litt uklårt kva tid på 1930-talet dette huset var ferdig, og vi veit heller ikkje om Anna flytta til Helvik før det nye huset var innflyttingsklart. Vi veit at det var Anders Helvik som var byggmeister for huset. Sjølv om Anna var enkje, var ho ikkje åleine. Saman med henne budde  ei eldre, ugift søster, Anna Kristine, som var fødd i 1872. Truleg for lettare å kunna skilja dei to namna vart Anna Kristine kalla for Kristine. Kva var det som fekk to søstre frå Nordrepollen til å flytta til Helvik på 1930-talet? Truleg hadde det noko med å gjera at ei tredje søster, Kristi, alt budde i bygda. Ho var gift med Peder Bakke frå gnr. 52 bnr. 1 i Gjetingsdalen, og dei hadde kjøpt småbruket Høgestølen i 1927. Dermed vart dei tre søstrene buande i Helvik, ikkje langt frå kvarandre.
Anna døydde i mars 1951, og då flytta Anna Kristine tilbake til Nordrepollen der ho levde like til 1967. Kristi på Høgestølen døydde i 1953. Både Anna og Kristi er gravlagde på kyrkjegarden på Husnes, medan Anna Kristine er gravlagd på Ænes. Det har ikkje vore råd å finna kva tid Torbjørn i Åkeren døydde, men han levde då kona døydde i 1934.
Etter at Anna døydde, kjøpte Kåre og Fridtjof Hjelmeland eigedomen av Anna Knutsen, og noko seinare sette Kåre  opp båtbyggjarverkstad. Alle bygningane i Åkeren står der framleis. I nyare tid er ein liten eigedom rundt Torbjørn sitt hus skilt ut frå bnr. 12 og har fått bruksnummer 92
I 1918 vart ein del av nr. 11, Øyjordo, selt til Kristoffer Prestegård.

På Høgestølen døydde Peder Bakke i 1960, medan tvillingbroren hans, Sjur, som også budde her, døydde i 1966. Men alt i 1956 hadde Jon Harkestad fått skøyte på småbruket på Høgestølen. Jon Harkestad var gift med Gerda Andersdotter Bakka, og Peder og Sjur Bakka var onklar til Gerda.
Ikkje alle utskiftingar og grenselinjer i dette området av Helvik er like klåre. Her finst eit bruksnr 22 som vart kalla Steinastykket. Det var ein del av den eigedomen som Thomas i Åkeren hadde. Steinastykket er skilt ut frå bnr. 11 som eigentleg heiter Øyjordo. Den eigedomen som vi i daglegtale kallar Øyjordo eller Øyro, heiter eigentleg Søre-Øyjordo. Heile dette området vart i utgangspunktet frådelt Haugen.