Stadnamn

På denne sida vert det i hovudsak lagt ut foto frå stadnamnkapitlet, men her er også rom for å kommentera fleire av stadnamna, både dei som er komne med i registeret i boka , og dei som ikkje er med.

Balhamar i sjøkanten på Berget.

Beltedalen med Beltedalsnuten langs skogsvegen på Berge bnr.2.

Bergstø, den gamle båtstøa for Berge som etter utbygginga i Nyhamn ikkje er i bruk lenger. Stø har ei vidare tyding enn berre ein plass for båten. Det er ofte namnet på ein plass der noko står, held til eller er plassert. Dermed er Bergstø både namnet på båtstøa ved fjorden og namnet på husmannsplassen på Berge.

Vågen er bnr. 1 på Berge. Lio var tidlegare husmannsplass som i dag er delt i to småbruk. Indra Lio bnr. 4 på grensa mot Steinsletto i Uskedal, og Ytra Lio bnr.5. Det er få, om nokon som kan gje ei sikker plassering for fleire av stadnamna i Vågen. Foto: Eirik Nødset Bringedal

Fjellområde over Berge og litt av utmarka på Bringedal.Rustefjell som ungane i bygda gav namnet "Flyplassen" på 1950-talet. Foto: Eirik Nødset Bringedal

Foto frå 1949. Fotosamlinga Kvinnherad kommune

Tunet på bnr.2 på Berge. Ein del av gamle bustadhuset er borte. Løa vart bygd opp att etter brannen i 1930. Det kvite murhuset bak grantrea bygde Hartvik Berge i 1952. Det flate fjellpartiet bak tunet er Rustefjell eller "Flyplassen".

Klypet på den gamle vegen mellom Uskedal og Bringedalsbygda over Bergsheiane.

Dei fleste som går turvegen mot trimboka som ligg ovanfor Ørnnipen, legg merke til Vippesteinen som ligg like ved stien.

Ørnasteinen ligg ved turstien like aust for sjølve Ørnnipen.

Skoddelandskap på veg mot Ørnnipen.

Skraparedalen, Indredalen og Ytredalen går alle tre frå botnen av Storedalen opp mot Taklettene. Skraparedalen vart nytta som hestebeite. Ein klett er ein avrunda haug som det er fleire av i dette grenseområdet mellom Berge, Steinsletto og Eik.

Frå plassen der turboka til Ørnnipen ligg, kan ein sjå austover på Grindahaug. Toppen på Grindahaug ligg på Steinsletto i Uskedal.

Innskrifta etter Sverre Lem. Sverre Lem vart sjuk medan han var i Afrika og vart arbeidsufør etter dette. Han budde nokre år hos Karen og Helge Haugse. Det går mange soger etter Lemmen som han vart kalla, og i ein fjellvegg på Berge har han sett varige spor etter seg. Det er diverre ikkje råd å tolka bodskapen i innskrifta.

Herøysundet med delar av Berge, Bringedal, Tveit og Helvik bak. Foto: Eirik Nødset Bringedal

Tunet på bruk nr. 2 i Bringedal i 1954. Bustadhuset i Bårdatunet stod framleis i tunet, og Anna og Karoleus Stoknes budde her. Sonen deira, Karluf Stoknes og kona hans, Gerd, bygde det nye bustadhuset i 1949. Husa i både Haktorstunet og Monsatunet var flytta ut av klyngjetunte på denne tida. Foto: Kvinnherad kommune

Noko av utmarka og fjella over Bringedal og Tveit. Dei fleste namna er sjølvforklarande. Blakhaugberget viser godt i som eit blankskura, lyst, bleikt berg under Middagshaug. Knisperleitet var ein av standplassane til skyttarlaget. Namnet har haugen fått etter lyngarten knisper som var godt eigna til å skura gryter med.

Dette er ein av Brakhaugane i bygda. Denne ligg på bnr. 1 i Bringedal ved turstien Brakhaug - Ørnnipen.

Tunga er eit markert trekk i fjellet under Nipen. Nedom tunga ligg det store steinurer som har fått namn etter både sau og rev. Og at reven trivest i desse urene, er alle beinrestane i dette området eit tydeleg prov på. Glasstovo er ein stor firkanta stein. Tidlegare var det mogeleg å gå opp mot Nipabakkane frå Tungo på Øvre og Nedre Dyrasteg. Det er også mogeleg å ta seg rundt på sørsida av Nipen og koma opp på toppen, men den vegen er ikkje å tilrå.