Krohaug, Bruland, bustadfelta i Huldrehaugen og Stuhaug-feltet har alle Tveit-garden som utgangspunkt. Stuhaug-feltet ligg heller langt frå Stuhaug som er haugen sør for Bringedalsbygda skule. Gjertamyro som Gjert Helvik kjøpte ein del av hos Thor Olson Bringedal, låg delvis på Bringedal og delvis på Tveit. I dag ligg idrettsplassen på Gjertamyro. Storemyr er ein del av Helvik.
Djupevikjo og Djupeviksneset er også ein del av Tveit. Mykje av Djupevikjo er fylt ut med stein, men Djupeviksneset viser enno godt. I huset nærast neset bygde Anton og Gudrunn Røssland bustad med fiskematforretning i kjellaren etter at dei saman med fleire av Anton sine brør hadde starta opp med fiskematproduksjon i i Andrea Bringedal sitt bakeri på Hamnaneset i 1944. Fiskematproduksjonen vart avslutta i 1987.
Den vestlegaste delen av småbruka i Helvik. Fleire av desse bruka var husmannsplassar under eitt av dei to hovudbruka midt på 1800-talet, og nokre var felleseige for dei to bruka. Trones eller Trondenes. Trond er eit gammalt ord for galte, og denne avrunda fjellryggen kan minna om ryggen på ein gris. I Helvik er namnet blitt til Trones medan liknande fjellformasjon ved Valen, heiter Galten.
Nyeste kommentarer