Fleire namneskilt ??

Gråfjell t.v. Nipen t.h. Sett frå turboka ovanfor Ørnnipen.

Vi har mange flotte, godt merka turløyper i bygda. Turkart der løypene og namn er innteikna, gjev også god informasjon. Dessutan går det såpass mykje folk i løypene at stiane er godt synlege. Herøysundkartet som vart laga i 2018, gjev også god informasjon i tillegg til turkarta. Løypene og merkingane krev vedlikehald, og det betyr at nokon må gjera det arbeidet. Likevel er det spørsmål om ikkje vi burde hatt fleire namneskilt ute i terrenget. For mange turgåarar er truleg trimturen det viktigaste, men det ville truleg vore interessant for mange å vita kva dei ulike plassane langs turløypene heiter. Vi skal heller ikkje sjå bort frå at det kan ha praktisk nytte i spesielle høve. På den andre sida bør vi ikkje overlessa naturen med informasjonsskilt, og fleire skilt betyr meir vedlikehald.

Som eit lite startforslag kunne eg tenkt meg at det stod skilt på Steindalshaugen, på Nipen og på Gråfjell.